Kultur | 05. mai 2017

Held fram med suksessrik barnejazz

Laurdag blir det dyrisk når Oddjob avsluttar vårens Bajazz på Oseana. – Bajazz var eit forsøk i vår, og har gått så bra at vi held fram til hausten, fortel Ole Tobias Lindeberg.

Held fram med suksessrik barnejazz
Oddjazz avsluttar Bajazz-konsertane i vår, men konsertserien held fram til hausten (pressefoto)
Andris Hamrefredag 05. mai 2017 08:04

Bajazz starta opp tidlegare i vår og har vore gjennomførd ein gong i månaden i samarbeid med Bergen Jazzforum, som i ei årrekke har arrangert jazzkonsertar for barn på Verftet i Bergen.

– Denne sesongen valde vi å prøva ut eit samarbeid, slik at osingane skulle sleppe å reise til byen for å oppleva spreke barnekonsertar.

– Det har gått over all forventing, og på fleire av konsertane har det kome fleire publikummarar får Bergen, så dette er vi godt nøgd med. Eit stabilt publikumstal gjer òg at vi satsar vidare og kan allereie dryppe frå haustprogrammet med å fortelje at Bajazz kjem til å vera med oss vidare, seier Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg.

Dyrisk musikk

Laurdag avsluttar altså vårens session med Bajazz. Det er det bandet Oddjob som skal få gjera.

– Gjer deg klar for konserten Jazzoo, musikk som aktiverar både latter og dansefot! Temaet i konserten er dyreverda, og saman med publikum assosierer gjengen i Oddjob fram flodhestar med heiteslag, hakkespett som bankar på hjå nattergalen, irriterande fluger og mykje meir. Dette er musikk og formidling i verdsklasse frå eit band som ikkje har gløymd kunsten å leike, seier Lindeberg.

Oddjob vart fødd i 2005 etter ei kjærleiksaffære mellom jazz og funk. Etter det har bandet teke til seg ei heil rekkje sjangrar, afrobeat, latin, karibisk, og av og til antydingar til flamenco. Dette verdsfunkbrygget er friskt, festleg og har med seg dei finaste svenskane landet har å by på. Barneplata Jazzoo gav dei den svenske Grammis-prisen i 2014 for beste barneplate.

Oddjob består av:

GORAN KAJFES trompet
PETER FORSS bass
PER «RUSKTRÄSK» JOHANSSON altsaksofon
DANIEL KARLSSON piano
JANNE ROBERTSON trommer

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.