Lokal | 12. mai 2016

Held fram som avtalt

Bjørnafjorden kommune: Styringsgruppa for kommunereforma er krystallklare. Os tek intensjonsavtalen opp i kommunestyret onsdag som avtalt med Tysnes og Fusa.

Held fram som avtalt
Styringsgruppa for kommunereforma var samla torsdag ettermiddag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 12. mai 2016 15:49

I samband med formannskapsmøtet torsdag ettermiddag var styringsgruppa for kommunereformprosessen i Os, beståande av formannskapet sine medlemmar og gruppeleiarane for dei andre partia samla på beredskapssenteret for å ta stilling til intensjonsavtalen inngått mellom Os, Fusa og Tysnes.

– Det blei jo ein litt annerleis dag enn venta i går. Tanken var å oppsummera arbeidet som var gjort i forhandlingsutvalet og å gå gjennom intensjonsavtalen som skal formellt til handsaming i formannskapet seinare i dag, innleia ordførar Terje Søviknes (Frp).

Fekk inga signal

Søviknes la ikkje skjul på at han var skuffa over den mangel på prosess ein no har hamna opp i etter at Fusa Ap og ordførar Atle Kvåle onsdag kveld gjorde det klart at dei ikkje ville gå vidare med intensjonsavtalen.

– Då forhandlingsutvalet skiltes måndag var vi einige. Vi hadde lagt ein framdriftsplan som skulle enda i eit vedtak i juni. Det har vore forebudd brosjyremateriell og eigne websider for å orientera om dette. Det har aldri kome signal frå nokre av kommunane om at ein ikkje skulle køyra prosessen heilt fram. Eit minimum burde i allefall vore å køyre det fram til kommunestyremøta den 18. mai.

– Sjølve intensjonsavtalen konkluderte forhandlingsutvala for dei tre kommunene med at var god. Også Atle Kvåle, så det som skjedde i går kom som lyn frå klar himmel på fleire av oss. Siste del av forhandlingane blei gjort litt på premissane frå Fusa, mellomanna med å ta inn at ungdomsskulene skulle bestå både i Eikelandsosen og Uggdal/Våge, fortsatte Søviknes som foreslo at ein køyrde prosessen vidare med ein ordinær politisk prosess i kommunestyret 18. mai.

– Burde telt til ti

Helge Steinum (Ap) støtta Søviknes i å køyre prosessen vidare.

– Eg er heilt einig i å køyre prosessen vidare. I går kveld var ordføraren ute i frustrasjon og uttalte seg lite flaterande om ei kommune vi kanskje skal samarbeide med i framtida. Det tykkjer eg han skulle holdt seg for god til. Det var litt uheldig. Han burde nok telt til ti.

– Prosessen er godt i gang, at Fusa gjorde det dei gjorde får dei stå for, så får vi ha ein ryddig prosess fram til kommunestyremøtet, sa Steinum.

– Eg telte meir enn ein gong til ti, berre så det er sagt. Det er klart det låg ei spissformulering omkring konkursbu, men det er den harde realiteten. Det er opebart i intensjonsavtalen at det er Fusa som står svakast. Dei har null fond og størst utfodring med drift i balansen. Det er det vi osingar som hadde måtte vore med å bera dei økonomiske byrdene, også med å kutta eigedomsskatten. Dykk får ta det for det det er. Eg står for den uttalen, svara Søviknes.

Forsto frustrasjonen

Jon Sivert Rykkel (V) og Jakob Enerhaug (Krf) var litt mildare stemt i høve Søviknes sine uttaler.

– Det er ikkje veldig vanskeleg å forstå frustrasjonen til Søviknes i går kveld. Det er ikkje så mykje å henge seg opp i. Det er rett å jobba vidare som planlagt. Vi i Os klarer oss godt uansett, men det er synd for Bjørnafjorden som region. Eg trur vi kunne fått til noko bra om vi hadde slått saman, kommenterte Rykkel.

– Det kan være greitt å ha litt ærleg kommunikasjon. Eg stusser ikkje så mykje over det som har blitt sagt, men ikkje la det eskalera. Eg ser mine partikollegaer i Fusa har sagt det same som Fusa Ap utan eg forstår kvifor, kommenterte Enerhaug, som òg støtta forslaget om å køyre prosessen vidare.

– Ikkje verdig

Terje Sperrevik (TvS) var òg stemd for å køyre prosessen vidare, men kom òg med ei klar oppfordring til Søviknes.

– Eg fekk litt sjokk då eg leste uttalelsane. Eg synes ikkje dei er verdige og tenker at det er på sin plass å beklage dei frå ordføraren. Eg synes eg høyrer ein tendens til bortforklaring. Ein skal ikkje gløyme at Os har gått frå 400 millionar til 2 milliardar i gjeld, påpeika Sperrevik som ikkje var overraska over vedtaket frå Fusa Ap.

– Her er det ulike spenninger i dei ulike kommunene, så eg blei ikkje så overraska. Det trur eg det har vore i Sp, Ap og andre parti i Fusa. Samstundes så skal vi leva videre, kan hende vi òg skal ha eit tettare samarbeid. Då må ein ikkje legga ytterlegare hinder for det. Eg støttar at vi køyrer prosessen vidare, men trur det er lurt at vi kjøler oss litt ned, konkluderte Sperrevik.

I det påfølgande formannskapsmøte blei innstillinga om å legga saka fram for kommunestyret samrøystes vedteken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.