Held konsert - live på YouTube
Myrna Braza, som nyleg spelte inn musikkvideo av ei fersk julelåt, er først ute av 60 artistar på ein musikkfestival på YouTube laurdag kveld.
Tommy Sælen frå Os Fotoklubb har stått for filmopptak medan Thomas "TomTom" Haugland har klipping og lyd på "Merry Christmas", låta Myrna Braza spelte inn og lagde video av i november.
– Det er ei låt eg skreiv for eit par år sidan, som blei lagt på hylla, men som heilt spontant blei henta fram no i november. Først blei det innspeling, og så lagde vi video. Alt skjedde veldig fort.
– Eg var rett og slett i julestemning, fortel Myrna, og røper at "Benjamin" i låta er hennar 8 år gamle nevø.
Her kan du høyra og sjå Merry Christmas.
– Eg ville berre spreia litt julestemning, seier Myrna om låta.
Laurdag kveld, nærmare bestemt klokka 19, skal bergensartisten, med sambuar og produsent frå Os, vera med på noko minst like spennande.
– I haust blei eg kontakta av ein amerikanar som jobbar for å fronta individuelle musikarar, musikarar som meg, med førespurnad om å delta på live-konsert i konseptet "Live On Air" på YouTube for Google +.
– Eg takka ja og heldt konsert på Nøstet som blei streama liove og sendt på YouTube.
Live On Air
"Live on Air" har vore ein stadig meir vanleg konsertform i USA det siste året. Myrna er truleg ein av dei første, om ikkje den første, norske artisten som blir sendt direkte på denne måten.
– Eg veit at Madcon har tatt dette i bruk no i haust, i etterkant av Nøstet, men så vidt eg veit er eg einaste norske artist blant 60 musikarar som delta på musikfestivalen som startar på YouTube klokka 19 i kveld, seier Myrna.
Myrna Braza er dessutan første artist ut, klokka 19 kan du via denne lenkja følgja Myrna og 59 andre artistar frå rundtom i verda, gjennom 30 timar med ein online musikkfestival.
– Eg kjem til å synga 3-4 låtar live i studioet til TomTom i Bergen. Det blir kjempespennande, seier Myrna.
Her kan du følgja Myrna og resten av festivalen Artists In The Plus.