Lokal | 06. feb. 2018

Held korta tett til brystet

Formannskapet kasta tilhøyrarane på dør då dei skulle diskutera mogleg lensmannskontor på Moberg.

Held korta tett til brystet
Formannskapet lukka møtet då prosjektsjef Halvor Hanevik (bak til høgre) ville diskutera tilbodet kommunen har kome med til Politiet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 06. feb. 2018 14:17

Som Midtsiden skreiv om før helga Os kommune vore i forhandlingar med Politiets Fellestjenester om ein ny politistasjon på Moberg. Saka skulle opp til drøfting i formannskapet tysdag.

– Det er ein del vedlegg som er unnteke offentlegheita av forretningsmessige omsyn. Eg tenkjer vi må lukka delar av debatten, men kanskje prosjektsjefen kan seie noko innleiingsvis, opna ordførar Marie Bruarøy (H).

Kan brukast som kontor av andre

Halvor Hanevik kunne ikkje seie så mykje i det offentlege rom.

– Politiet har invitert fleire til å gje tilbod. Det gjorde dei hausten 2017. Vi leverte tilbod og gjekk i forhandlingar med politiet og vi har kome med eit revidert tilbod som vi for ei veke sidan var i forhandlingar med. Ut frå det må vi diskutera kva type risiko vi går inn i, sa prosjektsjefen.

– Grunnen til at vi tek det opp no er at politiet har beden om at kommunestyret kjem med eit vedtak. Det er grunnen til at det kjem opp som ekstrasak i dag, slik at vi kan sende eit signal tilbake til politiet, supplerte Bruarøy.

Eirik André Hesthamar (Frp) lurte på kor spesielt bygget var, med tanke på annan bruk i framtida.

– Det kan brukast til vanlege kontor, svara Hanevik før møtet blei lukka etter offentleglova og omsyn til kommunen sine forretningsmessige hensyn.

Fleire i forhandlingar

Då møtet blei opna igjen orienterte ordføraren om at vedtaket også blei helden unntatt offentlegheit inntil tildeling er gjort av Politiets fellestjeneste.

– Det er av forretningsmessige omsyn slik at vi ikkje spolerer vår eigen posisjon inn i forhandlingane, forklarte Bruarøy.

Midtsiden er kjend med at det også er andre tilbydarar i Os som er i forhandlingar med Politiets Fellestjenester.

– Det har vore fleire aktørar på banen, stadfestar lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Etter behovsanalyse for Os lensmannskontor har saka lagt hos PFT.

– No skal talet på aktuelle alternativ vera redusert. Når PFT har bestemt kva tilbod dei vil slå til på, noko vi håper skjer om kort tid, blir vi kopla på igjen for å koma med behov og ønskje på detaljnivå.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.