Fotball | 05. okt. 2013

Held liv i spenninga

Søfteland med 10 mann i 75 minutt klarte uavgjort 1-1 i toppoppgjeret mot Kalandseid fredag kveld. – Vi gjer ein fantastisk 2. omgang, skryt Kenneth Svenningsen.

Held liv i spenninga
Tommy Skorpen utlignar til 1-1 (foto: Henrik Mjelva)
Andris Hamrelaurdag 05. okt. 2013 14:00

Søftelandtrenar Kenneth Svenningsen reiste til Kalandseid med berre 12 spelarar, kor superveteran Roar Wold var henta inn som innbyttar.

– Vi mangla 4-5 mann som var reist på tur. Hadde vi vore fulltallige så hadde vi tatt heim denne kampen, analyserar Svenningsen.

Direkte raud kort

Lokaloppgjer som dette har gjerne ein ekstra spenning og dimensjon ved seg. Når det i tillegg var toppoppgjer mellom nummer 1 og 2 på tabellen er det lett at tenninga blir høg.

– Keeper Mats Skage var nok av dei som var supertent før kampen. Det blei truleg hans bane.

– 10 minutt ut i kampen er det ein misforståelse mellom Mats og midtstopparen vår som resulterar i at Kalandseidspissen kjem seg forbi. Mats blir hengande fast i spelaren og dommaren peiker på straffemerket, pluss at han dreg opp det raude kortet, fortel Søftelandstrenaren.

Mista gløden

Fram til utvisninga hadde Søfteland styrt kampen.

– Med Mats ute måtte midtbanespelar Kristoffer Skjelde dra på seg keepertrøya.

– Kristoffer gjorde ein god kamp i mål, men gutane ute på banen datt litt samen etter det raude kortet.

– I pausa måtte eg difor gje dei ei dose kjeft.

Styrte 2. omgangen

Kraftsalva frå Svenningsen hjalp tydelegvis.

– 2. omgangen kjører vi heilt og halden.

– Gutane gjer ein fantastisk 2. omgang som toppar seg når Tommy Skorpen utlignar til 1-1.

– I tillegg har vi 2-3 store sjanser på sluten, så vi kunne fort tatt med oss tre poeng heim, fortel Kenneth Svenningsen.

Klare for kvalikk

Med eitt poeng mot Kalandseid sikra Søfteland kvalifiseringskamp som nummer 2 i pulja. Samstundes held dei liv i opprykkshåpet, berre to poeng bak Kalandseid.

– Kalandseid møter Sleipner, det laget eg tykkjer er det beste laget vi har møtt i serien. Om dei taper og vi vinn vår kamp kan det enda med seriemeisterskap.

– Eg håpar alle er klare til siste serierunde og vil bita godt frå seg når vi møter Hausvik heime på Stilvoll, avsluttar Svenningsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.