Sport | 25. apr. 2019

Held Lysekloster som favoritt i laurdagens derby

Har Os-siger til 3,09 i odds.

Held Lysekloster som favoritt i laurdagens derby
Lysekloster før førre lokaloppgjer, der Christoffer Hafsås skåra 4 mål, sikra 4-3-siger og hindra Lysekloster-opprykk til 2. divisjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. apr. 2019 09:41

Laurdag er det tid for nytt oppgjer mellom Os og Lysekloster.

Laga møter kvarandre for 9. gong, der Os har vunne 3 kampar, Lysekloster 2 og heile 4 oppgjer har enda uavgjort.

Éin femte kamp enda uavgjort, men då det var eit NM-oppgjer blei det ekstraomgang, der Lysekloster sikra sigeren.

Sånn har det gått i tidlegare oppgjer:
2013: Os - Lysekloster 3-0 (2-0).
2013: Lysekloster - Os 2-2 (0-1)
2014 (NM-kvalik): Os - Lysekloster 3-1 (1-0)
2014: Os - Lysekloster 3-3 (2-1)
2014: Lysekloster - Os 2-2 (2-1)
2016 (NM): Os - Lysekloster 2-4 (eeo)
2017: Lysekloster - Os 2-0
2017: Os - Lysekloster 4-3

Selskapet Coolbet har sett opp odds på seriekampen mellom dei to laga i Norsk Tipping-ligaen.

– Denne kampen er veldig vanskeleg å vurdera. Lysekloster skal vera det beste laget, men har skuffa i innleiinga av sesongen og ikkje imponert i dei to første rundane, seier Mikael Mellqvist frå Coolbet.

Os spelte nok på seg mykje sjølvtillit i den sterke 5-1-sigeren over Bergen Nord, og samtidig er dette eit lokaloppgjer, der alt kan skjed. Oddssetjarane mine var ueinige på sjølve oddsen, fortel Mellqvist.

– Nokre av dei ville ha Lysekoster på over 2 i odds, mens andre meinte det var for høgt. Historisk sett har Os hatt eit bra tak på Lysekloster, spesielt på heimebane.

Vinnaroddsen på Os er 3.09 - vinnaroddsen på Lysekloster er 1.95 mens uavgjort gir 4.10 i odds



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.