Kultur | 13. mars 2019

Held moteshow for å støtta barneheim i Uganda

Tove Tvedt Skarstein frå Madam Ane har sjølv besøkt dei som skal motta støtta.

Held moteshow for å støtta barneheim i Uganda
Tove Tvedt Skarstein har sjølv besøkt Nsumba barneheim i Uganda.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. mars 2019 08:13

Bildeserie:

1 av 3

Den initiativrike butikkdrivaren Tove Tvedt Skarstein har invitert med seg nabobutikkane Duga, Dysvik Clothing, Interoptikk Bakketeig, T. Moberg Sko og Instinct for å laga nok eit moteshow i Os sentrum.

Tradisjon tru går er det «moteshow med meining», og denne våren går inntektene til Bring Children From Street sitt arbeid for born i Uganda.

Hilde Køppen og Stig Blindheim, som nyleg har returnert frå Uganda, vil i ord og bilde fortelja om arbeidet deira.

– I fjor besøkte eg sjølv Nsumba Barnehjem, skulen i slummen Katanga og fleire andre prosjekt som Bring Children From Street har i landet. Eg har fått sjå at pengane kjem fram der dei skal, seier Tove.

– Dei fortalte at dei treng fleire pultar, kanskje kan overskotet vårt bli med å dekka inn nettopp det.

Musikk og gåver

Som vanleg er det òg musikk på moteshowet. Denne gong har Tove fått med seg ein fin duo.

– Ada Mathilde Brakstad Keita og Olav Skorpen kjem for å spela.

TV2.no kan du sjå Ada synga «Killing me softly» då ho i fjort deltok i Idol.

Blant mannekengane på catwalken vil du sjå eit handplukka utval av kjente ansikt frå Os.I løpet av moteshowet blir det òg delt ut ei rekkje gåver til publikum.

Moteshowet blir halde i Tunet onsdag om ei veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.