– Heldige som oppdaga brannen
Tre vaksne og fire ungar kom seg ut av huset då det brann i ytterveggen.


Klokka 05.10 natt til fredag byrja det å brenna i ein bustad i Nordstølen, mellom Grindevoll og Ravneberghaugen.
– Det var sju personar i huset då det byrja å brenna, tre vaksne og fire born. Alle kom seg raskt ut av huset, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.
Brannen var på utsida av huset. Dei som bur i huset skal ha høyrd knitring, og kome seg ut.
– Dei hadde starta sløkking, men ikkje klart å sløkka brannen sjølv, så det var opne flammar då vi kom fram, seier innsatsleiar Espen Storum frå Bjørnafjorden brann og redning.
Brannvesenet rykte ut med fullt mannskap og utstyr, og slo brannen raskt ned.
– Det var svrt heldig at dei høyrde brannen. Den ville nok ha utvikla seg vidare om ikkje dei hadde oppdaga den, og starta sløkking så raskt. Brannen hadde stort farepotensiale, og det ville tatt tid før det kom røyk inn i huset så røykvarslarane kunne gitt signal.
Politiet seier brannårsaka kan vera varmgang i strauminntaket til huset, men at det er for tidleg å konkludera.
– BKK var raskt på staden, skifta inntak og fekk straumen på igjen. Det var ingen skade eller røyk inne i huset, så dei sju kunne flytta inn igjen i morgontimane i dag, fortel Storum.