Lysekloster fekk litt å jubla over i dag som onsdag. (Arkivfoto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Heldt nullen mot Bergen Nord

Lysekloster er nesten på rett kjøl før bortekampen mot Fyllingsdalen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Lysekloster spelte søndag heimekamp mot Bergen Nord, som rykte opp til 3. divisjon parallelt med Os i fjor haust.

– Eg synest det var stor forskjell på laga, men eg meiner òg at Bergen Nord såg gode nok ut til at dei bør klara å halda seg i divisjonen, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster - Bergen Nord 3-0 (1-0)
Målskårarar: Simen Næss, Karol Zielinski og Martin Pedersen.

Lysekloster opna svakt, men fann rytmen etter rundt ti minutt. Joachim Westrheim fekk tredd gjennom til Simen, som sette inn 1-0 i 28. minutt.

– Det var ein fantastisk pasning, skryter Hetlevik.

2-0 kom på innlegg i 58. minutt, 3-0 av Pedersen på corner to minutt etter at han kom innpå.

– Vi skapte nok til at eg meiner vi burde ha skåra fem mål i dag. Det gir sjølvtillit å sjå at ting fungerer betre og spelarane blir stadig tryggare på kvarandre. 

– Samtidig ser eg at vi må stramma oss litt opp defensivt før kampen mot Fyllingsdalen.

Tett på toppen

Fyllingsdalen starta sesongen litt svakt, med tap i to av dei tre første, tilsvarande Lysekloster, som berre tok fire poeng på dei første fire kampane.

No ligg begge med 16 poeng, 2 poeng bak Vard Haugesund (éin kamp mindre) på 3. plass.

Kampen går på Varden laurdag. Neste heimekamp går mot Vestfossen, som ligg best an av dei tre laga under streken.

Terminliste og tabell

Fleire saker