Kultur | 08. okt. 2021

Helga i Os: Konsertar, krig og komikk

Her er noko av det som kan underhalda deg i heimbygda dei neste dagane.

Helga i Os: Konsertar, krig og komikk
Konsert med Mighty Magnolias, komikk med Are Kalvø, filmen Quo vadis, Aida? og heimekamp med Os. (Foto: Arthaus/pressefoto/KVB)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 08. okt. 2021 10:50

Ny, fast spalte kvar torsdag/fredag: Tett med ønskje om førehandsomtale av ulike arrangement gjer at vi i tida som kjem vil samla dette i éi oversikt - både for at vi skal få plass til flest mogleg, og for at du som lesar skal få ein oversikteleg inngang på helga. Har du arrangement som bør inn neste veke - send til tips@midtsiden.no.

Denne helga byr på både Os-kamp laurdag, livemusikk på både Ilya, Catten og Elvehuset laurdag kveld og komikk og kino i Oseana.

Sport og opplevingar

Seniorfotball:

Blant heimekampar kan du i helga velja mellom Os A-lag, Os/Nore Neset damelag og Søre Neset. Nore Neset tjuvstarta med lokaloppgjer mot Eikelandsfjorden i går, og vann 13-2.

Torsdag 7. oktober kl. 19.30: Nore Neset - Eikelandsfjorden, 6. divisjon, menn.

Laurdag 9. oktober kl 16.00: Os - Årdal, 3. divisjon, menn.

Laurdag 9. oktober kl 16.00: Frigg - Lysekloster, 3. divisjon, menn.

Søndag 10. oktober kl 18.00: Djerv - Os 2, 4. divisjon, menn.

Søndag 10. oktober kl 16.00: Søre Neset - Bjarg 2, 5. divisjon, menn.

Mandag 11. oktober kl 20.00: Os/Nore Neset - Fana, 3. divisjon, kvinner.

Uteliv

Ilya Kafè & Restaurant:

Laurdag 2. oktober kl 22:00: Livemusikk med «Cover Up»

Elvehuset:

Laurdag 9. oktober kl 16:00: Ettermiddagsjazz, Ole Amund Gjersvik (bass) har med seg Tore Hegdahl (piano). Dei serverer melodiøs jazz. Dette kan nytast med god mat og drikke.

Laurdag 9. oktober kl 22:00:
Konsert: Mighty Magnolias

Catten Nightclub:

Fredag 8. oktober: Pubkveld
Laurdag 9. oktober: Live musikk med Heine Salbu

Sportsbaren viser fleire kampar, gjerne på same tid, på ulike skjermar. Sjekk Facebook-sida til Catten for kva kampar som blir viste - her er nokre av dei som blir spelte:

Fredag 8. oktober:
Kl 20.45: Tyrkia - Norge (VM-kvalik)

Laurdag og søndag: Pause i Premier League, men fleire landskampar.

Oseana

Laurdag 09. oktober 18.00: Riksteatret: Are Kalvø toppar VG-lista

Søndag 10. oktober 18.00: Konsert: Duo Amasia

Søndag 10. oktober 16.00: Kino: Jorden rundt på 80 dager

Søndag 10. oktober 18.30: Kino: Quo vadis, Aida?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.