Kultur | 01. juli 2012

– Heller Os enn Elton John

Davy Wathne tvitrar om Osøren Blues & Jazzfestival og bandet Young Collection frå Os.

– Heller Os enn Elton John
Wathne er i Kiev på konsert med Elton John og Queens under fotball-EM, men ville heller vore i Os denne helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy og Berit Roald, Scanpix/TV 2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 01. juli 2012 08:07

Laurdag på dagtid var det jam og matiné under Osøren Blues og Jazzfestival.

Fleire lokale band sette sitt preg på desse arrangementa, framfor eit stort og godt publikum, men ikkje alle som ønskte å vera der var på plass.

"Blytungt å være i Kiev på Queen/Elton John-konsert når udødelige Young Collections opptrer på bluesfestivalen på Os!" skriv Davy Wathne frå TV2 Sporten på twitter.

Wathne har vore mykje i Os, både i ungdomsåra og i vaksen alder, og har nok mange minne frå dansane Young Collections spelte opp til i Os og Bergen på 60-talet.

Davyen er på konsert med sir Elton John og Queen under fotball-EM, men ville tydelegvis heller vore i Os denne helga.

Les òg: Comeback etter 40 år og Blir første rockeband i Oseana

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.