Næringsliv | 30. aug. 2018

Helsekosten Life stengt etter 17 år

Jannicke Nøss brukte tre dagar på å tømma lokalet. To tidlegare tilsette opnar opp igjen om ei veke.

Helsekosten Life stengt etter 17 år
I dag gjekk porten ned hos Helsekostbutikken Life, laurdag om ei veke opnar Naturkost Os. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. aug. 2018 19:11

Måndag var det 20 prosent rabatt på alle varer, tysdag auka rabatten og då det i dag var halv pris selte Jannicke Nøss resten av varene i butikken.

– Det har verkeleg gått unna, seier Jannicke, som no har hatt sin siste dag i helsekostbutikken ho har drive sidan 2001.

Ville ikkje fornya leigeavtalen

Jannicke fortel om ein god start og ei ganske stabil drift gjennom 17 år.

– Det var ein oppsving i 2009 og 2010, og litt ned no dei siste åra. Drifta gjekk godt nok til å halda fram, men då leigekontrakten no gjekk ut, og det i så fall måtte bli fem år til, takka eg nei.

Mens kosttilskot i starten var viktigaste varegruppe, har det dei siste åra gått meir i matvarer, frå mjøl til bønner og pasta.

Sjølv har ho hatt rundt 50 prosent stilling i butikken, utanom det administrative. Ho veit førebels ikkje kva ho vil jobba med vidare.

Nye krefter i ny kjede

AMFI Os blir ikkje verande lenge utan helsekostbutikk. Yvonne Kofoed Rimstad, som har 20 år erfaring frå bransjen, fleire av dei hos Jannicke Nøss, vil saman med ei anna Jannicke, Jannicke Lekven Sivertsen, opna opp igjen i same lokale.

– Vi opnar laurdag om ei veke, fortel Yvonne.

Rimstad og Sivertsen melder seg inn i kjeda H Naturkost.

– Nokre av varene er dei same, men det kjem òg mykje nytt! Butikken skal heita Naturkost Os, og vi skal blant anna ha eit bra utval i både kosttilskot og økologiske varer, frå mat til hudpleie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.