Lokal | 12. okt. 2016

Helsestasjon for eldre

Open helsestasjon for eldre bør prioriterast, meiner Laila Reiertsen (Frp).

Helsestasjon for eldre
Laila Marie Reiertsen (Frp) lanserer ideen om ein helsestasjon for eldre (foto: Andris Hamre)
Lesarinnleggonsdag 12. okt. 2016 09:24

Os kommune har i mange år satsa mykje på eldreomsorga. Og det skal me fortsetja med. Med tilsetjinga av tryggleikssjukepleiar, for ein tid attende tok me eit viktig steg i førebygging av god eldreomsorg. Med heimebesøk for dei over 75 år vert mykje førebygging satt på dagsorden. Trygg i Os er gode døme og på viktige eldretiltak. Men me kan ikkje stoppa her.

Mange eldre er spreke, og i god form. Mange har store ressursar som kan nyttast til å hjelpe andre, eller vidare ha ein god livskvalitet for seg og sine. Innan førebygging, er helsestasjonen ein viktig plass for familiar. Og for ungdom. Men ei gruppe burde også ha fått eit tilbod. Open helsestasjon for eldre bør prioriterast. Og då dei over 62. Mange sluttar i arbeid etter fylte 62. Samstundes startar ein ny kvardag. Og kanskje er den full av andre utfordringar. Eller den er tom for aktivitet og trivsel. Det å ha friske eldre er samfunnsøkonomisk viktig. Vi ønskjer at flest mogeleg kan bu heime lengst mogeleg. Difor må ein ha tiltak som er med på å styrkja dette.

Det å kunna samla ulike tenester på ein plass nærast brukaren er viktig. Det å ha fokus på helsesamtale, velferdsteknologi og bustadveiledning samt kartlegging av eigne ressursar, er viktig i så måte. Temadagar der ein også har fokus på hjelpemidlar, diagnosar og livsmestring bør få større fokus.

Mange er på veg ut av eigen bustad og tenkjer seg anna buform. Her kan ein bidra med informasjon om teknologi og praktiske hjelpemidla som ein eventuelt trenger. Helsestasjonen kan også være tilgjengeleg med visning av dei ulike hjelpemidla som finns og framvising av desse. Ikkje minst kan ein få veiledning om anskaffinga og vidare oppfølging i heimen. Det å læra seg bruk av nettet er eit anna område som fleire eldre må få ta del i. Kommunen må sjå på dette som nødvendig datahjelp på lik linje som nødvendig helsehjelp. For me lever i et digitalt samfunn der alle må og bør vera inkludert. Samstundes bør ein informera om mogelegheita for å vera ein frivillig aktør i lokalsamfunnet. Mange eldre kan bidra . Men dei må få spørsmålet, for ikkje alle tar initiativ til dette sjølv. Å vera ein frivillig aktør er gull verdt for vidare utvikling av kommunen på alle områder.

Eg veit at helsestasjonen ikkje har kapasitet til ønskjelista mi i dag. Men det er viktig å fremja tankar vidare. Som igjen vil føra til vidare handling vil eg håpa. Og ja, vi trenger eit familiesenter, der det og er plass til helsestasjon for eldre.

Laila Reiertsen
Os FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.