Lokal | 29. juni 2009

Helste med hekken

Ei kvinne blei slått i ansiktet, ei ung jente blei tatt for promillekjøring og ein vaksen mann flekte ræv til politiet.

Helste med hekken
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. juni 2009 08:27

Med finvêr og mange tilreisande har det blitt litt ekstra for politiet å ta hand om denne helga.

- Som vanleg går det fint for seg under festivalen, men med sommarvarme og yrande uteliv blir det ofte ein del ekstra, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Kraftige reaksjonar
I 21-tida laurdag kveld blei ein bråkete gjest hos Peppes vist vekk av politiet.

- Han etterkom dette. Ein vanskeleg gjest på Opus litt seinare på kvelden, såg også ut som om han skulle fjerna seg frå plassen, som han fekk beskjed om.

Men mannen i 30-åra hadde andre planar: buksa og boksershortsen blei dradd heilt ned til anklane, som ei helsing til politiet.

- Vedkomande kan venta seg ei bot som svir. Det kan også han som blei tatt for drikking på offentleg stad seinare om natta. Patruljen tømte flaska, og det likte han så dårleg at han skjelte dei ut på fleire måtar, fortel Sperrevik.

Slåssing, våpen og fyllekjøring
Fredag kveld kom det melding om ein mann som gjekk og vassa langs vegen, tydeleg rusa. Så kom ny melding, om at han ikkje såg ut til å ha det så bra. Ambulanse blei sendt for å ta hand om den rusa mannen.

- Ein mann blei pågripen for å bera våpen. Det var ingen dramatikk rundt dette, men vi tok han inn til avhøyr og såg nærmare på det som var ein softgun. Mannen blei dimittert etter avhøyr.

Klokka 01.51 blei ei jente stoppa, mistenkt for å kjøra med promille. Prøvar blei tatt og førarkortet beslaglagt. Ho er så vidt 18 år, og tydelegvis ikkje så glad i den rimeleg ferske lappen.

- I 3-tida natt til laurdag blei ei kvinne slått av ein mann. Vi har oppretta sak på episoden. Også natt til sundag var det slåssing i sentrum, denne gong ved drosjebua klokka 03.45. Her er det uvisst om det blir oppretta sak, opplyser Sperrevik.

Laurdag kveld rykte politiet også ut til bråk i Lysefjorden. Ein mann blei pågripen og sett i arrest.

Overdose, vassjetkjøring og påkjørt hund
I 4-tida natt til sundag fekk politiet melding om person med pusteproblem i Os sentrum. Politiet fann noko dei trur er GHB på mannen, som blei sendt til lege i ambulanse.

Sundag morgon blei ein hund påkjørt på Ulven. Hunden sprang vidare etter samanstøyten, og bilføraren har verken fått tak i hund eller eigar.

Melding om kjøring med vassjet har også kome inn til politiet i helga.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.