Sport | 29. aug. 2014

Heltne blir dagleg leiar

Nore Neset Idrettslag engasjerer Jarle Heltne som dagleg leiar. – Vi får ein organisator utan sidestykke, seier styreleiar Øystein Oen.

Heltne blir dagleg leiar
Jarle Heltne er tilsett som dagleg leiar i Nore Neset idrettslag (privat foto/NNIL/AH)
Andris Hamrefredag 29. aug. 2014 16:40

Måndag 1. september startar Jarle Heltne i stillinga som dagleg leiar for Nore Neset idrettslag, etter at stillinga blei lyst ut tidlegare i sommar.

– Det å driva eit idrettslag berre basert på frivillig innsats er vanskeleg.

– Mange av oppgåvene må løysast på dagtid, og det kan vera ei utfordring når alle tillitsvalde er i full jobb, fortel Øystein Oen om bakgrunnen for å tilsetja ein dagleg leiar.

Engasjert og ærekjær

Oen er særs nøgd med at Jarle Heltne no tar jobben.

– Jarle har vore engasjert i Nore Neset idrettslag sidan han meldte overgang i 2006. Han har vore leiar for fotballgruppa og styremedlem i hovudlaget.

– Vi får ein særs engasjert og ærekjær dagleg leiar som gjer alt i si makt for at barn og unge på Nore Neset skal ha eit godt idrettslag å driva sporten sin i.

– Han er ein organisator utan sidestykke, som vil få dei administrative oppgåven inn på skinner. Eg ser fram til eit godt samarbeid med Jarle, seier Oen.

Fleire søkarar

Styreleiaren fortel om fleire søknadar til den nyoppretta 100 %-stillinga.

– Dei kom både frå medlemmar i idrettslaget, frå andre i bygda og frå personar utanfor bygda.

– Vi sette ned ein komite som vurderte alle søknadane og gjorde intervjua før deira tilråing blei lagt fram for styret, som tok den endelege avgjersla, avsluttar Oen.

Brenn for klubben

Jarle Heltne har dei siste åtte åra vore leiar for fotballgruppa i Nore Neset, men òg trenar i handballgruppa.

– Motivasjonen for å søka jobben var den klubbkjensla eg følte i hjarterota, men òg at eg kunne få meir tid til å gjera det eg allereie gjer.

– Som tillitsvald byrja det etterkvart å blir vanskeleg å forsvara på heimefronten all den tida eg brukte i idrettslaget.

– I tillegg såg eg jo at det var mange oppgåver å ta tak i, noko eg håpar eg kan gjera no.

– Blant desse er mellomanna det å rekruttera fleire gutar inn i handballen og fleire jenter inn i fotballen. Det trur eg vi kan klara om vi legg betre til rette i høve treningstider og lignande.

– Det skal vera mogleg å driva begge idrettene, slår Heltne fast.

Vil samarbeida med andre lag

Den nye sjefen ser fram til å ta fatt på oppgåvene, mellom anna å få etablert ein ny bane på Nore Neset.

– Det er vel ei av hovudgrunnane til at idrettslaget no tilset ein dagleg leiar.

– Men eg har òg eit brennande ønske om at vi alle idrettslaga i Os skal få til eit bra idrett-tilbod til barn og unge, og vaksne, i heile bygda.

– Vi samarbeider allereie med Søre Neset og Øyglimt på fotballen og med Os Turn på handballen. Det håper eg vi kan halde fram med og gjera endå meir av, avsluttar Heltne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.