Lokal | 01. sep. 2009
Heng utrygt
I midten av august blei det stole 5-6 påhengsmotorar i Os. No er tjuvane tilbake.


Kjetil Vasby Bruarøytysdag 01. sep. 2009 09:41
- Pass på båten din, og følg med på kva som skjer rundt deg når du er i hamna, sa politioverbetjent Terje Sperrevik 18. august.
Han hadde nyleg fått melding om tjuveri av fem påhengsmotorar, alle rundt 10 hestekrefter. Motorane blei tatt i Askvik, Søre Øyane og Halhjem.
- I går fekk vi melding om to nye tjuveri. Ein 9,9 hk Yamaha er sakna frå Øyane og ein 5 hk Honda er tatt frå ein båt som låg i Hauglandsosen, fortel lensmann Rasmus Dalen.
I helga har det også blitt tatt eit bilskilt. Dette blei stole ved ein verkstad i Kolskogen, og har kjenneteiknet SR 70785.