Lokal | 28. okt. 2019

Hengar med oljefat velta på Lepsøyvegen

Politi og brannvesen er på staden.

Hengar med oljefat velta på Lepsøyvegen
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. okt. 2019 10:16

Klokka 10.42 kom det melding om eit uhell på Lepsøyvegen.

– Ein tilhengar på ein lett lastebil har velta. På hengaren sto eit fat med spelolje, opplyser politiet via Twitter.

Ingen personar er skadd. Uhellet skjedde på Lepsøy i eller nær «Garvikasvingen».

– Det er lite trafikk på staden, og mogleg å køyra forbi.

Lekkasjen skal vera liten. Ein truck er på veg for å få tilhengaren på hjul igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.