Lokal | 19. juli 2018

Hengar på halv åtte

Det blei lange køar i begge retningar då lasta bak ein traktor velta i ein sving.

Hengar på halv åtte
Denne hengaren velta på Lepsøy i dag. (tips@midtsiden.no, foto: Sara Berge)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. juli 2018 14:40

Klokka 16.20 byrja trafikken å gå igjen etter at ein hengar velta på Lepsøyvegen torsdag ettermiddag.

– Så vidt eg såg var det ingen som var skadd eller noko politi på staden, seier vitne Sara Berge til Midtsiden.

– Men det såg ut som om noko hadde ramla av den velta hengaren.

Hengaren hang bak ein traktor og velta i ein sving på Lepsøy, ikkje lang frå brua og krysset opp mot Kongshaug Musikkgymnas.

Det blei lange køar i begge retningar, men vegen skal no vera open for trafikk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.