Hengde tre utfor bru
Politiet: Tjuvar utanfor Elkjøp, kvinne i vegbanen på E39 og eit tre som hengde utfor ei av bruene som går over Halhjemsvegen.
Ein svanefamilie med seks ungar var ute og gjekk i vegbana på Halhjem fredag ettermiddag.
- Det var i Bjørnavegen inn mot ein båtkai, og før vi var komen fram fekk vi melding om at familien klarte å koma seg trygt over vegen på eigahand, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.
På Halhjem blei det og observert ein daud hjort i sjøen ved fergekaien. Hjorten blir tatt hand om.
Stal el-varer
I halv ti-tida fredag fekk politiet melding om to personar som forsynte seg av el-retur-varene som står utanfor Elkjøp på Amfi.
- Då vi kom på staden var dei vekke, og vi har ikkje meir informasjon no.
- Kan vera svært farleg
Ei kvinne blei observert gåande midt i vegbanen sørover langs Halhjemsvegen fredag kveld.
Då politiet kom fram var kvinna vekke.
- Vi veit ikkje kvifor ho var ute og gjekk, men det kan ha vore i samband med den lange køen som strekte seg frå Ulvenskiftet til Halhjem kai fredag kveld.
Natt til laurdag kom politiet tilfeldigvis over eit tre nokon hadde hengt utanfor ei av bruene som går over Halhjemsvegen. Treet hang i eit tau utanfor rekkverket og nedover mot vegbana.
- Det var og melding om ein del skodde på staden i det tidspunktet og, avhengig av kor langt ned treet hengde, det kunne ha vore svært farleg for bilistane, seier betjenten.
Brannvesenet hjelpte til med å få ned treet.