Kultur | 02. mai 2019

Henriette Finne til Vedholmen Galleri

På laurdag opnar årets Festspill-utstilling - til vernissagen kjem òg bergensartisten L.U:N.A.

Henriette Finne til Vedholmen Galleri
På laurdag opnar Henriette Finne si separatutstilling på Vedholmen Galleri - dette er årets Festspill-utstilling ved galleriet. (Pressefoto)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 02. mai 2019 08:09

Festspillene i Bergen opnar offisielt onsdag 22 .mai, men allereie frå laurdag av kan du få ein smak av det store kulturarrangementet - i Øyane.

Vibeke Harild ved Vedholmen Galleri fortel at dette er Finne si første sepratutstilling ved galleriet;

– Finne er ein anerkjend kunstnar som har hatt fleire store utstillingar i heile Noreg. Ho arbeider figurativt, og mange vil seia nesten i eit drøymande landskap.

Kunstnaren seier sjølv at ho arbeider som ein teaterregissør;

– Eg iscenesett ei forteljing kor eg flytter rundt på elementa i billedflata til dei finn sin plass og form. Eg er ein maksimalist, kanskje som ein reaksjon på minimalismens strenge føringar.

– Prosjektet mitt er å få så mange ulike maleriske motsetningar og kontrastar til å kommunisera saman i eitt og same bilde.

Til vernissagen på laurdag kjem òg bergensartisten L.U:N.A.

L.U:N.A er eit nytt stjerneskot på den bergenske hiphop-himmelen. Ryktet skal ha det til at ho kan ho trollbinda einkvar som lyttar til henne.

Festspill-utstillinga til Henriette Finne kan du sjå på Vedholmen Galleri fram til 9. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.