Lokal | 15. juli 2018

Henta hissig gjest

To gongar i natt fekk politiet melding om utagerande gjestar i Os sentrum.

Henta hissig gjest
Politiet henta hissig gjest på utestad og køyrde vedkomande heim. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. juli 2018 09:27

Litt over midnatt blei ein mann i starten på 20-åra tatt med frå Tysnesfest til overnatting i arresten i Bergen etter å ha nekta å retta seg etter pålegg om å fjerna seg frå festivalområdet, der han skal ha lagd kvalme.

Sjølv om «halve Os» har vore på Tysnesfest, var det framleis folk på fest på utestadane i Os sentrum.

– Klokka 01.40 fekk vi melding om ein utagerande person, men det skal berre ha vore verbalt, og ingen vald, fortel operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Patruljen var opptatt, men det kom heller ikkje fleire meldingar frå vaktane ved utestaden.

Men litt før klokka 3 kom det ny melding. Då var det ein person som var hissig og ufin mot både gjestar og vaktar.

– Han fekk pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum, og blei faktisk fysisk fjerna av patruljen. Dei valte å køyra vedkomande heim, fortel Rebnord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.