Vorstehrartreff i Os 2018

Henta «skotne» fuglar i Tøsdalsvatnet

Høyrde du skot på Tøsdal laurdag? Årsaka er ein prøve for firbeinte.

Av: Ørjan Håland

I helga har hordalandsavdelinga av Norsk Vorstehrklubb hatt samling i Os.

Avdelinga, som blei starta av Tore Kallekleiv, fyller 40 år, og helga har inkludert apportprøve i land og på vatn på Tøsdal, utstilling søndag og festmiddag med kulturelle innslag søndag kveld.

– 38 hundar deltok i utstillinga, 12 var med på ulike apportprøvar laurdag. Festmiddagen hadde 43 deltakarar, fortel medlem Olav Botnevik.

• Les òg: Samlar vorstehrar frå heile landet

Arrangørane er veldig nøgde med fasilitetane på Os vgs og terrenget på Tøsdal.

– Dei skulle ønskt seg noko fleire deltakarar på apportprøven, men her var det visst fleire som følte det var tidleg på året, og at dei derfor ikkje hadde fått trent godt nok.

– Men dei som deltok gjorde det svært godt!

I videoen over ser du apportprøve i vatn for både unge hundar og dei over to år - som blir testa i henting av fugl kasta frå båt, akkompagnert av haglskot (i lufta).

Fleire saker