Lokal | 08. juni 2012
Henta valdeleg familiefar
Ein mann frå Os blei plassert i arresten etter å ha vore valdeleg mot kone og born torsdag.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. juni 2012 09:29
– Vi har hatt fleire tilfelle av familievald denne veka, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Først var det eit forhold som heldt fram over fleire dagar. Dette ser ifølgje Sperrevik ut til å ha roa seg.
Men i går blei det bråk i ein annan heim.
Ein mann som er mistenkt for å ha vore valdeleg mot både kone og ein eller fleire av paret sine vaksne born blei pågripen torsdag kveld.
Mannen sit framleis fengsla.