Lokal | 20. okt. 2009
Her blei båten tatt
Den store speedbåten som hamna på ein spinkel lastebil i Rolvsvåg sundag, blei stolen på Drange.


Kjetil Vasby Bruarøytysdag 20. okt. 2009 09:54
Natt til måndag stakk ein mann frå politiet i Samnanger i stolen bil. Så stakk han frå politiet i Os.
Måndag formiddag blei ein annan mann, truleg makkaren hans, tatt i Rolvsvåg, mistenkt for innbrot. No viser det seg at også den store speedbåten som sto på lastebilen han hadde er meldt stolen.
- Båten er sakna frå A.K. Drange på Drange, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Mannen som truleg stakk frå Strøno i stolen båt blei ikkje funnen. Men båten fann politiet igjen på Lepsøy.
- Han er førebels ikkje tatt, seier Sperrevik.