Podtellet kom på trailer og blei lasta av ved hamna laurdag ettermiddag (foto: Andris Hamre)

Her blir podtellet levert

Bildeserie: No kan du overnatta i hamna utan å bli sjøsjuk. – Eg reknar med at vi opnar måndag, seier Hans Parnefält.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

I mai fortalde vi om dei to gründerane Hans Parnefält og Eirik Kalve som planla å setja opp eit mini-hotell mellom Esso og Peppes i sommar

Rett før helga var alle løyvene dei trengde på plass og laurdag ettermiddag kom hotellkonteinaren direkte frå Tysnesfest.

– Det blei ein kjempesukess der borte. Vi hadde ni konteinarar og kunne sikkert hatt mange mange fleire. Telefonen sto knapt stille frå folk som ville ha overnatting, fortalde Kalve frå Podtown.no medan lastebilsjåføren lirka bil og konteinar på plass.

Åtte rom

Konteinaren som no er på plass i hamna har åtte dobbeltpoddar, eller dobbeltrom, om du ønskjer. Romma er ei blanding av ein kabin i ein båt og ein sovekupe på tog.

– Vi har tilsaman seksten sengeplassar. Det er dobbeltseng i kvar av poddane. Der kan du ligga og sjå utover hamna om du ikkje heller vil kobla deg til den vesle projektoren i taket og streama ein film mot gardina, som også fungerer som eit lerret, forklarer Hans Parnefält.

Spent på responsen

Dei to gründerane legg ikkje skjul på at dei er spente på å sjå responsen og kor mykje overnattingstilbodet blir nytta.

– No skal vi ta ein prat om pris og slike ting, så legg vi bookingmoglegheitane ut på Os Travel, Podtown.no og AirBnB.

– Det er tempurmadrassar og puter og dyner, så det skal så absolutt vera mogleg å få seg ei god natt søvn, avsluttar dei to.

Toalett og dusj er i nabobygget kor Os Travel held til. Der vil også resepsjonen vera. I tillegg samarbeider dei med Peppes og gjestane kan nytta Peppes/Bar(t) for frukost og annan mat.

Fleire saker