Lokal | 20. des. 2016

Her blir Terje statsråd

No er det offisielt. Terje Søviknes er Noregs nye olje- og energiminister.

Her blir Terje statsråd
Her blir Terje Søviknes (Frp) presentert som ny olje- og energiminister (skjermskot frå nrk.no)
Andris Hamretirsdag 20. des. 2016 15:21

Klokka 16 i dag blei det heldt statsråd på slottet med kong Harald og kronprins Haakon til stades. Der blei Terje Søviknes (Frp) som venta utnemnd til ny olje- og energiminister etter Tord Lien (Frp).

Ut av regjering gjekk også Anders Anundsen (Frp), justisminister og Elisabeth Aspaker (H), Europaminister.

Dei to siste blei erstatta av Per-Willy Amundsen (Frp) og Frank Bakke-Jensen (H).

Den nye statsråden skal delta på ei pressekonferanse i statsministerboligen klokka 17.

Laila ut av stortinget

I tillegg til utnemning av dei nye statsrådane blei det gjort fleire endringar blant statssekretærane. Mellom anna blei Gjermund Hagesæter, statssekretær for Anders Anundsen gitt avskjed i nåde, noko som tyder at han går tilbake til stortinget.

Det igjen tyder at Laila Reiertsen (Frp) går ut av stortinget.

Søviknes sitt politiske liv

Terje Søviknes har sidan 1999 vore ordførar i Os kommune. Han blei vald inn i kommunestyret i 1991 og var gruppeleiar for Frp i kommunestyret frå 1992-1999. Han har sete i formannskapet i Os kommune frå 1995.

I 1995 blei han også vald inn i Hordaland fylkesting og i 2007 i fylkesutvalet i Hordaland. Han har dei siste periodane vore gruppeleiar for Frp i fylkestinget.

Søviknes har også tidlegare hatt fartstid på stortinget som 1. vararepresentant frå Hordaland. han har møtt tilsaman 78 dagar på stortinget i perioden 1997-2001.

Søviknes blei i 1995 vald inn i Frp sitt sentralstyret og sat som 2. nestformann i frå 1999 til 2001, då han trakk seg frå alle rikspolitiske verv.

I 2014 gjorde han for alvor comeback i rikspolitikken då han på ny blei vald inn i sentralstyret til Frp, kor han framleis sit. Han er òg leiar av det lokalpolitiske utvalet i partiet, noko han har vore frå 2005.

Han blei i februar 2016 vald inn i hovudstyret i KS.

Terje Søviknes er utdanna akvaingeniør frå Bergen Ingeniørhøgskule og har studert til siviløkonom ved NHH, men manglar hovudoppgåven.

Han var, før han blei vald til ordførar i Os, fiskar, og blant dei første sjarkfiskerane som byrja å levere leppefisk til oppdrettsnæringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.