Her brenn bilen like ved husveggen
Kan vera påsett: Gunstig vindretning redda hus då ein bil tok full fyr fredag morgon.
Klokka 0635 rykte brannvesenet ut på melding om ein bil som brann på ein parkeringsplass mellom Meny og Vartun langs byvegen.
– Då vi kom fram var bilen fullstendig overtent, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
– Det var mykje flammer på grunn av god oksygentilførsel og bilen sto berre tre meter frå ein bygning, men heldigvis var vindretningen slik at flammene gjekk langsmed bygningen. Hadde det vore ein annan vindretning, så kunne det har fått eit heilt anna utfall, seier Gjøsund.
Brannvesenet fekk sløkt brannen raskt.
Kan vera påsett
Til BT sier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue ved Vest politidistrikt at politiet mistenker at brannen kan vera påsett.
– Det er ikkje naturleg at ein bil plutseleg byrjar å brenna av seg sjølv midt på natta, seier Thue til avisa.
Bilen skal ha vore ein eldre BMW.
– Vi har snakka med eigar, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen til Midtsiden fredag formiddag.
Politiet vil førebels ikkje seia kva eigar har forklart, då dei ikkje er ferdige med å etterforska årsaka til brannen.