Lokal | 07. feb. 2021

Her er dei nye tiltaka

Bjørnafjorden kommune strammar inn etter utbrot i Bergen.

Her er dei nye tiltaka
Kommuneoverlege Klaus Melf og ordførar Trine Lindborg, her på pressekonferanse etter høge smittetal i starten på januar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. feb. 2021 10:04

Det er nesten ein månad sidan førre nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune, og smittetala i Bergen er òg låge, med fleire dagar med under ti nye smittetilfelle.

Men nylege utbrot av både engelsk og sørafrikansk variant av koronaviruset i Bergen, og utbrot av mutert virus òg i Hardanger, fører til skjerpa tiltak.

Søndag formiddag kom Helsedirektoratet med anbefaling om tiltak i Bergen og 12 nabokommunar - inkludert Bjørnafjorden kommune - men differensierte tiltak, tilsvarande ring 1 og ring 2 på Austlandet.

No har tiltaka kome.

Her er det som gjeld for Bjørnafjorden kommune:

Bjørnafjorden kommune er ein ring 2-kommune. Vi har ikkje pågåande utbrot av koronavirus, men nærleiken til kommunar med pågåande utbrot og ein uoversiktleg smittesituasjon gjer at myndigheitene anbefaler strenge tiltak hos oss.

Tiltaka vil tre i kraft søndag 7. februar klokka 18, og i første omgang vara til og med søndag 14. februar.

Barnehagar, skular, universitet, høgskular og fagskular

  • Gult tiltaksnivå i barnehagar og på skular som for resten av landet. Kommunen kan avgjere å innføre strengare tiltak om dei ser det som nødvendig.
  • Raudt nivå i vidaregåande skular, i tråd med den nasjonale trafikklysmodellen.
  • Lokala ved universitet, høgskular og fagskular og vaksenopplæring stenger for alle elevar og studentar. Tilsette følgjer reglane for arbeidslivet for øvrig. All undervisning og planlagde arrangement skal utsetjast eller gjerast digitale.

Reglar

  • Nasjonale reglar for arrangement gjeld.
  • Påbod om heimekontor så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgivarar skal kunne dokumentere at tilsette i verksemda har fått beskjed om korleis dette skal gjennomførast.
  • Skjenkestopp på alle serveringsstader.
  • Det er ikkje tillate å organisere idrettsaktivitet for vaksne (20 år eller eldre). Det samme gjeld fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøvar for kor, korps og teater.

Plikt til å bruke munnbind når det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmer. Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

Munnbind skal brukast på offentlege stader som:
butikkar
kollektivtransport
innandørs stasjonsområde
serveringsstader
fellesområde på kjøpesenter
lokale for kultur, sports- og fritidsaktivitetar
trus- og livssynshus ved gravferd og bisetting
passasjerar skal bruke munnbind i taxi og sjåfør skal bruke munnbind når det er passasjerar i taxien

Varehus og kjøpesenter skal halde stengt

Men det er nokre unntak.

Følgjande butikkar på kjøpesenter og varehus kan ha ope:

  • Matbutikkar, inkludert kioskar, helsekost og andre som i hovudsak sel matvarer
  • Utsalsstader som i hovudsak sel dyrefôr og andre nødvendigheitsartiklar for kjæledyr og husdyr
  • Apotek
  • Bandasjistar
  • Optikarar
  • Serveringsstader
  • Vinmonopolet
  • Verksemder som frisør, hudpleiar, tatovørar mv. (sjå § 15 for heile lista)
  • Helsefaglege verksemder, som fysioterapeutar, kiropraktorar, fotterapeutar mv. (sjå § 16 for heile lista)
  • Bensinstasjonar
  • Salsverksemd til landbruk og dyreproduksjon
  • Lager- og grossistdelen i byggevareforretningar som sel til handverksverksemd og liknande
  • Varehus som har areal med vare- og tjenestetilbod som nemnd i lista rett over, kan halde desse areala opne

Butikkane kan halde ope for avhenting av førehandsbetalte bestilte varer, når utlevering kan skje på smittevernfagleg forsvarleg vis.

Restaurant, kafé, bar og hotell

  • Serveringsstader som ikkje er ein del av eit kjøpesenter eller varehus kan halde ope.
  • Skjenkestopp.

Følgjande verksemder og stader skal halde stengt

  • Treningssenter
  • Fornøyelsesparkar, bingohallar, spelehallar, leikeland, bowlinghallar og tilsvarande stader
  • Museum
  • Kino, teater, konsertstader og tilsvarande kultur- og underhaldningsstader.
  • Andre offentlege stader og verksemder der det føregår kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs. Det kan vere enkelte unntak, sjå lista under.

Offentlege stader og verksemder der det føregår organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar må stenge, men kan halde ope i følgjande tilfelle dersom det ikkje føregår fritidsaktivitetar for andre på slike stader:

  • For barn og unge under 20 år
  • Utandørs aktivitet for vaksne (ikkje-organisert idretts- og fritidsaktivitet)
  • Organisert trening for toppidrettsutøvarar

Svømmehallar, badeland, spa-anlegg, hotellbasseng og liknande må stenge, men kan halde ope for:

  • Skulesvømming, organiserte svømmekurs og organisert svømmetrening for dei under 20 år
  • Svømming for profesjonelle toppidrettsutøvarar
  • Rehabilitering og opptrening som tilbys individuelt eller i mindre grupper med arrangør
  • Anna individuell behandling som det kan bestillast time til, og kor bad er ein del av behandling

Anbefalingar

  • Alle bør avgrense sosial kontakt.
  • Den nasjonale anbefalinga med maks fem gjester gjeld. Unntak for barn i same kohort i barnehage/barneskule.
  • Alle bør unngå reiser som ikkje er nødvendige.
  • Reise til arbeid må sjåast som nødvendig. For dei aller fleste vil det likevel gjelde krav om heimekontor.

Du kan dra til fritidsbustad i ein annan kommune. Men reis berre saman med medlemmer frå eigen husstand, og ikkje ta imot besøk. Gjer alle innkjøp i eigen kommune før avreise. Ikkje oppsøk butikkar, serveringsstader eller møteplassar med mange menneske i hyttekommunen.

Hald god avstand til andre i skiløypa, skitrekket og på gåtur. Sjekk kva for råd og reglar som gjeld for hyttekommunen, og følg desse.

Kommunane og fylkeskommunane bør innføre forsterka tiltak i kollektivtransporten, dette kan for eksempel vere at det berre blir brukt opptil 50 prosent kapasitet i transportmiddelet.

Personar med høg risiko for å bli alvorleg sjuke eller døy dersom dei blir smitta av koronavirus, bør leve meir skjerma.

Ein-til-ein-verksemder, som for eksempel frisørar, bør innføre forsterka tiltak som bruk av munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å oppretthalde 1 meters avstand eller å redusere eller mellombels fjerne behandlingstilbod som gir nærkontakt ansikt-til-ansikt.

Testing og oppfølging av nærkontaktar og husstandsmedlemmer:

  • det er anbefalt at kommunane og befolkninga vurderer testing på dag 7-10 i smittekarantenetida.
  • nærkontaktane som er knytte til eit utbrot av det muterte koronaviruset, blir testa med PCR både ved inngang til karantenen (med éin gong dei er definerte som nærkontakt) og utgang av karantenen (tidlegast dag 7).
  • nærkontakten sine husstandsmedlemmer er i karantene fram til nærkontakten har fått negativt svar på første PCR-test.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.