Lokal | 01. feb. 2011

Her er dekk-pøbelen

Fanga på film: Det er ikkje berre på Kuventræ at dekk har blitt punktert av pøblar.

Her er dekk-pøbelen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. feb. 2011 22:02

Natt til sundag blei tre bilar parkert utanfor Oshallen utsett for hærverk, til saman åtte dekk blei punktert med ein skarp gjenstand.

Ein av dei som blei utsett for hærverket, Torkel Hjertnes, fortel at han også har høyrt om tilsvarande episodar i Kuvågen i helga.

Flate dekk før leirskule
Osbuss AS, som har kontor og parkeringsplass for bussane sine i Industrivegen, ikkje så langt frå Kuventræ, er også utsett for hærverk.

- Eg blei sundag tipsa om at to av dekka på den eine bussen vår var flate. Bussen skulle brukast til å frakta elevar frå Os skule på leirskule, heldigvis hadde vi ledig buss måndag morgon, seier trafikkleiar i Osbuss, Kenneth Valle.

Fanga på film
Valle fortel at det var tydeleg at nokon hadde punktert dekka med vilje. Han fekk skifta dekka måndag, og har no meldt saka til politiet.

- Vi har fleire kamera på plassen og syndarane er fanga på film av fleire kamera.

Midtsiden.no har fått bruka eit av bilda som viser litt av den eine syndaren. Resten av materialet vil truleg gje politiet gode spor i saka.

To ungdomar klokka 05.05
Av filmane frå overvakingskamera ser vi at det var to personar som deltok i hærverket.

Dei to kom gåande forbi retning frå Kuventræ mot Meny då dei stoppa og punkterte to dekk på bussen.

Rett under eitt minutt etter at dei stoppa sprang dei frå staden retning Varåsen eller Meny.

Episoden fann stad klokka 05.05. Har du sett aktivitet i området i 5-tida sundag morgon kan du tipsa Os lensmannskontor på 56303900.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.