Statens Vegvesen og Hordaland Fylkeskommune inviterar til folkemøte i Oseana onsdag kveld klokka 19.
– Målet med møtet er å presentera kva vi jobbar med og korleis prosessen ser ut vidare, fortalde prosjektleiar Signe Eikenes i Vegvesenet i førre veke.
I slutten av oktober la vegvesenet ut den første illustrasjonen på si eiga heimeside (den du ser øvst i denna saka).
Truleg er det desse fire alternativa for kryssing av Bjørnafjorden vegsjef Helge Eidsnes kjem til å presentera i kveld.
For å gjera Ferjefri-prosjektet meir handterleg har vegvesenet delt det opp i fleire underprosjekt. Kryssinga av Bjørnafjorden ligg inne i prosjektet E39 Stord-Os.
Lengden på prosjektet er 50 kilometer og kryssar både Langenuen og Bjørnafjorden. I omtalen av prosjektet skriv vegvesenet at hensikten med prosjektet er å få kortare reisetid, færre ulukker totalt, ingen møteulukker, reduserte reisekostnader og å knytta bu- og arbeidsområde tettare saman.