Sport | 07. nov. 2011

Her er puljene

MidtsidenCup: Her er puljene og speledag i alle klassane.

Her er puljene
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. nov. 2011 23:11

Den nye klassen, herrer 40+, fekk ikkje mange nok påmeldte lag, derfor er denne klassen slått saman med herreklassen. Vi gjer kanskje eit nytt forsøk med ny klasse neste år, anten 40+ eller ein rein amatørklasse utan aktive (uansett divisjon).

Uansett, sånn fordeler laga seg per klasse:
• Damer: 5 lag (7 i fjor)
• Mix: 11 lag (som i fjor)
• Herrar: 18 lag (som i fjor)

Vi har tatt omsyn til alle ønske om speledag. Om nokon meiner vi har notert feil ønskje om dag, eller får brennande ønskje om å byta speledag, kan det KANSKJE ordnast. Ta i så fall kontakt snarast (mobil 90789270).

Midtsiden samleside: MidtsidenCup

Vi kjem tilbake med kampoppsett tysdag ettermiddag. Tysdag på dagtid publiserer vi namnelistene, så du ser kven som speler på motstandarlaga.

I oppsettet under ser du kva lag du møter og kva dag du skal spela. Nokre av kampane startar i 17-17.30-tida, andre noko seinare. Dei siste kampane startar trueg 20.30 eller 21.00.

• Alle kampane går på Kuventræ kunsgras.
• Kiosken og klubbhuset (varmestove) er ope under turneringa.

PULJER OG SPELEDAG

DAMER

D1 - onsdag
No name, No Fame
The Warriors

D2 - torsdag
Gufs fra fortiden
Havets Delikatesser
LIL RedBulls

MIX

M1 - onsdag
Farlig Tversover
God STIL
Miks & Triks
NDM (Nakne Damer med Menn)

M2 - onsdag
Rett Vest
Tronge sko og tjokke sokka
Ungdomskilden

M3 - torsdag
Beliebers
Jailbait
Kamekamo
Umadbro

HERRAR

H1 - onsdag
FotLeif No Stars
T Ullrich
The Dogs
FC Wankers

H2 - onsdag
Betonggulv
Dusjkameratene
Harbingers of death and destruction upon all who oppose us
Vågshaugen City
Yellow Fellows

H3 - torsdag
FIFA
Orcus
Special Abilities
Halhjem Chicago
Team Bitten

H4 - torsdag
Boca Juniors
Ikkje tenk på det
Gått ut på dato
Hottenham Totspurs

SLUTTSPEL

Dameklassen, 2 puljer med 2+3 lag
– 5 av 5 til sluttspel, kvart-og semifinalar.

Alle fem går vidare til sluttspel laurdag, men; den eine pulja D1 har (grunna ønskje om speledag) fjorårsfinalistane mot kvarandre.

Begge går vidare, men tapar må spela 1/4-finale mot 3. plassen i D2. Vinnaren av denne kampen møter vinnar av D2 i semifinale, medan den andre semifinalen blir mellom vinnar av D1 og andreplassen i D2.

Mixklassen, 3 puljer med 4+3+4 lag:
– 8 av 11 til sluttspel/kvarfinalar laurdag.

Dei 3 beste i dei to puljene med 4 lag (pulje M1 og M3) går vidare til kvartfinalar laurdag. Det gjer også dei to beste i pulje M2.

Herreklassen, 4 puljer med 4+5+4+5 lag:
– 12 av 18 til mellomspel i puljer

Dei to beste i puljene med 4 lag og dei tre beste i puljene med 5 lag går vidare (=10 lag).

I tillegg går beste 3-ar i puljene med fire lag og beste 4-ar i puljene med 5 lag vidare til mellomspel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.