Fleire av dei 60 pålane er stygt skadd av makk. No skal pålar behandla med kreosot halda brygga oppe i litt meir enn åtte år. (Foto: KVB)

Her har makken gått berserk

I dag starta arbeidet med å skifta 60 pålar på brygga ved Vindu mot Fjorden.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Første juledag i fjor blei delar av brygga ved Vindu mot Fjorden i Hamnevegen stengt grunna skade

Inspeksjon av dykkarar frå Os brann- og redningsteneste viste at pålane på brygga er rotne.

Vinter og vår gjekk bokstavleg med til diskusjonar mellom entreprenør av den åtte år gamle brygga og eigar, Os kommune, og i juni blei det bestemt at dei to spleiser på reparasjonen, som vil koma på om lag 650.000 kroner.

I dag starta arbeidet på den skadde delen, men også pålane på resten av brygga skal skiftast.

Held fram ut august

– Vi vil løfta den skadde brygga og skifta pålane der først, fortel Jarle Øvreeide frå Os Kaiservice AS.

Det er til saman 60 pålar som skal skiftast.

– Seinare vil vi stenga andre delar av brygga, innover mot Oselvarnaustet, og skifta pålane der òg. Det blir litt arbeid for dykkarar, men det er ikkje meir enn 1,5 til 2 meter djupt.

Arbeidet skal vera ferdig innan utgangen av august.

Fleire saker