Brannsjef Stein Gjøsund vurderte det som trygt å tenna bål i Mobergsvikjo tysdag førmiddag, men ville ha flytta benken bak før han hadde tent opp (foto: Andris Hamre)

Her kan du tenne bål

Stor skogbrannfare i heile Sør-Noreg, men brannsjefen vil ikkje nekta folk å tenne bål berre dei tenkjer seg om.

Av: Andris Hamre

Det er framleis eit generelt forbod mot å gjera opp eld i skog og mark mellom 15. april og 15. september, men ei endring i lova gjer at du likevel kan laga eit lite kaffibål, så lenge det åpenbart ikkje er fare for brann.

– Den endra lova stiller også krav om at du skal gjera ei risikovurdering. Det skal ikkje vera ei skriftleg ROS-analyse, men ei enkel vurdering på ulike risikoar, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Må gjera ei konkret vurdering

Midtsiden møter brannsjefen ved bålplassen i Mobergsvikjo.

– Dette er jo i utgangspunktet ein god plass, men også her må ein tenkje gjennom tinga før ein tenner på. 

– Slik det er no, så mi vurdering at det er trygt her siden det er vindstille, men hadde vêret vore som i helga med sterkare vind, så hadde eg ikkje laga bål her, seier Gjøsund.

Ting å tenkje på

Ting ein bør vurdera er til dømes kor lang avstand er det til terreng som kan ta fyr. Kva retning bles vinden? Er du i nærleiken av vatn, slik at du har noko å sløkke med. Har du ungar med deg, som kan tenkast å slå eller rote rundt i bålet med pinner, slik at gnistrer kan flyga, i så fall bør ein gje desse beskjed om risikoen med å rota i bålet.

– Det viktige er at du gjer desse vurderingane på førehand og ikkje når det har gått gale. Den nye forskriften er meir brukervennleg, men den krev også meir av deg som vurderer å tenne bål, seier brannsjefen.

Ikkje lov å tenna på svaberg

Endringa i lova gjer at Gjøsund ikkje ser behov for eit ytterlegare forbod.

– Om vi skal innføra eit totalforbod, så vil vi i såfall gjera det saman med brannsjefen i Bergen, slik at det blir likt i regionen.

– Men, det er verdt å merka seg desse fine dagane, kor folk gjerne reiser på fjorden og tenkjer ei vil laga eit lite bål på eit svaberg. Det er ikkje lov.

– Det er faktisk ikkje brannforskrifta som regulerer dette, men miljøvernforskrifta. Varmen frå eit bål vil kunne få svaberget til å sprekka opp. Difor er det forbode etter miljøvernforskrifta.

– Ei anna problemstilling som heller ikkje er regulert i brannforskrifta er røyk frå bålet. Dette kjem under forureiningslovgivinga. 

– Tenk deg at vi tenner eit bål her i Vikjo og røyken driv bortover mot Oseana og forstyrrer folka som ligg og solar seg. Då bryt vi forureiningslova, som seier at røyken ikkje skal vera til sjenanse.

Ei flaske vatn er ikkje nok

Ein ting er å tenna eit bål, ein annan ting er å sørgje for at det er helt sløkt når ein forlet det.

– Det er viktig. Ein må sørgje for å sløkke det heilt. Det vil seie at bålet skal vera kaldt når du forlet det. Det kan fort blussa opp att om det ligg att glør nede i det og det kjem eit vindpust. Difor bør ein i risikovurderinga si tenkje gjennom om ein har noko å frakte vatn i. Ein ting ein kan gjera er å ta med seg ei bøtte, ei halv flaske drikkevatn er for like. Ein må sørgje for å dynka bålet skikkeleg, og gjerne rote litt rundt i det før ein heller på meir vatn. 

– Ein grei leveregel er at om du er i tvil så la det vera.

– Skogbrann er ressurskrevande

Sjølv om det førebels ikkje er aktuelt å legga ned totalforbod mot å gjera opp eld, så er Gjøsund tydeleg på at ein skogbrann er krevande.

– Ikkje minst med tanke på ressurser og mannskaper. Då det brann på Ulven i 2009 måtte brannvesenet få hjelp frå forsvaret, sivilforsvaret og Bergen brannvesen, i tillegg til helikoptre for å fly utstyr inn og ut. Brannen på Ulven brukte vi tre døgn på å sløkke, seier Gjøsund.

I følgje Meterologisk institutt sitt skogbrannvarsel er det no særs stor skogbrannfare på aust- og sørlandet, og stor skogbrannfare på vestlandet. Brannfaren er aukande.