Her kjem det asfalt
Statens Vegvesen region Vest planlegg å asfaltera vel 10 kilometer av fylkes- og riksvegane i Os i sommar.
Rett før helga presenterte Statens Vegvesen, region Vest, planane for kva vegar i distriktet som skal få ny asfalt i sommar.
Asfalteringa startar i sluten av april og held fram til utgangen av oktober.
Betring i Hegglandsdalen
Det har lenge vore etterlyst ny asfalt på fylkesveg 137 gjennom Hegglandsdalen. No blir bønane høyrde når det kjem totalt 5079 meter med ny asfalt frå Rødsliane til Heggland.
I tillegg blir E-39 reasfaltert på tre strekk. Frå Røykenes til Hetlestraumen (3 081 meter), Hetleflåten til Tøsdalskrysset (555 meter) og Mobergsbrua (236 meter).
Også i Lysefjorden og over Fanafjellet skal dekket utbedrast gjennom ny asfalt frå Helleskaret til Ulven (1195 meter) og på strekket frå bygrensa til Buena (80 meter). I tillegg skal vegen over Fanafjellet få 3 363 meter med asfalt frå Fana prestegard til Sedal/Nordvik.
Vegvesenet tek atterhald om at det kan koma mindre endringar gjennom sesongen.
Statens vegvesen har asfalteringa på riks- og fylkesvegane. Dei kommunale vegane er det Os kommune som har ansvaret for.