Sport | 02. nov. 2011

Her kjem ny sportsbutikk

– Vi vil satsa på tekstil, friluftsliv og sko, seier Erik Rosendahl. I november opnar han Sport1-butikk i AMFI Os.

Her kjem ny sportsbutikk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. nov. 2011 09:42

Sport1 etablerer seg i Os. Torsdag 17. november opnar ein 310 kvadratmeter stor, ny sportsbutikk i 2. etasje på AMFI Os.

– Eg har lenge hatt lyst til å starta sportsbutikk, sportsbransjen er formel 1 innan tekstil, seier Erik Rosendahl, som frå før eig og driv herremotebutikken Blaze på Øyrane Torg i Arna.

Rosendahl starta Blaze på Nesttun i 2001 og flytta til Arna i 2002. No utvider han med sportsbutikk i Os.

– Det starta med at eg var i dialog med ein etablert sportsbutikk i Os, men så fekk eg både lokale i AMFI Os og ein god avtale med Sport1-kjeden, så no har vi tett løp fram mot opning om to veker.

Satsar på tekstil og sko

Sport1 opnar i lokalet Wagner hadde fram til kjedekonkursen i januar i år. Lokalet ligg i 2. etasje med stor fasade mot trappa og heisen.

– Det ser ut som eit fint lokale å driva sportsbutikk i, seier Rosendahl.

Sidan lokalet ikkje er så stort vil han venta med enkelte større varegrupper, som sykkel og heimetrening.

– Vi kan ikkje vera gode på alt. Vi ventar med sykkel, men kjem til å ha eit lite handplukka utval av ski.

– Det vi vil satsa mest på er tekstil, friluftsliv, sko og trening, altså klede og sko til for eksempel løping og aerobic.

Sport1 fører tekstilmerker som Peak Perfomance, Norrøna, Bergans, Helly Hansen og Odlo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.