Herleg stemning på banane
VIDEO: Rundt 300 ungar har denne veka vore i sving på fotballskule på Kuventræ, Nore Neset og Søre Neset.
Bildeserie:
Tine og Umbro sponsar fotballskulane som har gått i Os denne veka, frå måndag til onsdag på Kuventræ og Søre Neset, til og med torsdag på Nore Neset.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
Etter ein litt kald og forblåst onsdag var det stor stemning då det i dag blei sol og varmare vêr.
På topp med Åsne
For Os Turn har fleire av dei unge frå A-laget vore i sving med instruksjon, som Fredrik Heggland, Frode Øvredal, Simen Lassen og Håvard Grøteide.
Dei yngste gutane til Os var like heldige og fekk toppseriespelar Åsne Takle Eide frå Os og Arna-Bjørnar som instruktør.
– Dette er fin opplading til kveldens cupkamp mot Klepp, synes Åsne.
Hardt forsvarsarbeid
På Nore Neset gjekk det i forsvarsarbeid, mann-mot-mann og keepertrening med konkurranse då Midtsiden var utom.
– Innandørs har vi Torleif Holme med ei gruppe. Dei lærer god løpeteknikk, fortel tidlegare storskårar på Os, instruktør Jørn Vegard Berge.
Besøk frå Brann og politiet
På Søre Neset er arrangørane veldig nøgd med innsatsen til alle dei unge instruktørane, fleire av dei på 14-15 år.
Måndag hadde sørenesingane besøk av Brann-keeper Øystein Øvretveit, og han hadde bursdag, så då blei det song.
I dag har politiet vore utom fotballbanen.
Med dette er tre av fotballskulane i Os over, bortsett frå Nore Neset, som rundar av torsdag.
I august er det fotballskule i Lysefjorden, som også er for eldre ungdomar, og med spanske instruktørar.
VIDEO (01:21): Sjå stemninga på Kuventræ, Nore Neset og Søre Neset i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.