Herlege artistar!
Vinskvetten og Bjørn-Erik Ulvatne er blant dei som skal undehalda på nattope Amfi Os torsdag.


Det er Hærleg Tid i butikkane, med både gode tilbod og mykje vårnytt i hyllene. Men frå torsdag til laurdag skjer det også mykje spennande i fellesareala i AMFI Os.
Moteshow og sirkus
− Amfelia, besøk av Pingu, ansiktsmaling, Cirkustoget, Scenen er din, moteshow og presentasjon av A-laget ramsar senterleiar Anne Kristine Tøsdal opp.
I tillegg er ho glad for å kunna fortelja at både osingen Bjørn-Erik Ulvatne, som kom til semifinalen i «Norske Talenter», og dei kjente artistane frå Salhus kjem for å synga.
Vinskvetten går for gull
Hausten og vinteren har vore ekstra travel for Vinskvetten, showet «No kjem dei tre siste» har selt over 30.000 billettar.
− Det har vore eit eventyr! Laurdag 25. april er siste framsyning, og oppvarminga tar vi på Os, seier Gunnar Låstad.
Frå klokka 14 til 15 blir det minikonsert, så skal gutane signera DVD og CD.
I mars kom Vinskvetten med DVD av showet, og bonusmateriell frå første gong dei var på TV, i 1981, og fram til i dag.
− DVD-en er vi veldig nøgd med, og den har selt bra. Vi går for gull (5000 eks.), seier Låstad!