Sport | 27. sep. 2012

Herrelaget går for opprykk

Handballherrane har styrka stallen med to toppskårarar og går for opprykk. Status på formen får dei allereie mot forventa sterk motstand i serieopninga i Oshallen på søndag.

Herrelaget går for opprykk
Storskårarane Espen Risti (t.v.) og Jørgen Wold speler for Os denne sesongen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. sep. 2012 11:49

Os sitt herrelag går inn i sin tredje sesong i 3. divisjon etter nedrykket til 2. divisjon våren 2010. Også i år går dei for opprykk, og stallen er styrka framfor 2012-2013-sesongen.

– Jørgen Wold er tilbake og vi har fått med oss Espen Risti, fortel trenar Leif Idar Røen.

Med og mot Os

Espen Risti, som spelte i eliteserien i slutten av 90-talet, gjorde comeback på Os for å prøva å halda laget i 2. divisjon våren 2010, men det heldt berre nesten.

Førre sesong spelte han for Lyngbø og hindra opprykk til Os.

– Eg har kjæraste og mange venar på Os og deira klare mål om opprykk gjorde at eg takka ja til å vera med då Leif Idar inviterte meg, seier Risti, som for dei fleste osingar er mest kjent frå utelivsbransjen som Irish Cat-medeigar.

To toppskårarar

Espen Risti skåra 124 mål for Lyngbø i fjor, berre Gard Morgen (127 mål) frå Bergen HK skåra meir i 3. divisjon i region vest.

Jørgen Wold var på 4. og 8. plass på same lista då han spelte for Os i 2009-2010- og 2010-2011-sesongane.

– Godt førebudd

Røen seier at både Risti og Wold ser ut til å vera i god form. Men det er dei ikkje åleine om.

– Keeper Einar Godø er med vidare, i tillegg er AGS-en (Andreas Glomsaas Sennesvik) i storform. Torbjørn Hjelle har trent veldig godt og Joachim Blostrupmoen held fram den positive utviklinga, seier Leif Idar.

Også Røen junior, Isak, som kom på 15. plass på toppskårarlista med 58 mål i fjor, kan bli viktig for Os i år.

– Vi har dobbelt belegg på så og seia alle plassar, og det er godt å veta. Med større og sterkare stall for vi dessutan betre treningar og betre stemning i troppen, det ser lyst ut.

Starten kan bli tøff

Men Os startar med to tøffe kampar, begge på heimebane.

– Vi ser på Gloppen som årets hardaste konkurrent. Dei rykte ned frå 2. divisjon i vår og har ein frisk og ung stall. Også Viking 2, Kjøkkelvik og Stryn kan bli tøffe, trur Røen.

Os startar sesongen med heimekamp mot Gloppen søndag (kl 13.15) og ny heimekamp mot Viking 2 søndag 14.10.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.