Os sitt herrelag er igjen over opprykksstreken i 3. divisjon etter laurdagens siger i toppkamp mot Norrøna.
På bortebane i haust vann Os heile 27-15 over veteranane dei ofte elles slit med å ta. Men på heimebane laurdag blei det tøffare.
– Vi låg under store delar av kampen, også til pause. Men så gjorde vi nokre justeringar og tok over, seier trenar Kenneth Husebø.
Os - Norrøna 29-26
Ved å vera tolmodige i forsvar og ved å satsa på temposkifte, halda avstand og unngå frikast og unødig stopp offensivt, unngjekk Os at veteranane på Norrøna fekk styra for mykje av tempoet.
– Unge spelarar som Jørgen Wold og Joakim Blostrupmoen sto fram offensivt saman med Isak Røen, som alltid er god til å setja tempo og skåra mål. Defensivt skal Ove Lyssand og Trygve Lerch Dahl ha ros.
– Det var også kjekt å sjå Kasper Færøvik, som har trent godt den siste tida, koma inn og skåra sine første seniormål, synest Husebø.
Ny heimekamp søndag
Os hadde 4 sigrar og 1 uavgjort før tapet for Viking 2 i førre runde. No ligg dei på 2. plass framfor Norrøna på 3. plass.
Søndag (kl 17.45) tar Os imot Sotra 2 på nest siste plass til kamp i Oshallen.