Næringsliv | 21. juni 2012

– Hest er best

Dei nye eigarane av Intersport Rosvold har utvida og pussa opp - og satsa på nye varegrupper, noko dei har treft godt med.

– Hest er best
Hilde (t.h.) og dottera Camilla, som også jobbar i sportsbutikken deira i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. juni 2012 15:04

I fjor haust la Rune Rosvold den tradisjonsrike familieverksemda ut for sal og 1. desember overtok sambuarparet Hilde Jensen og Olav Walle butikken. Rune driv framleis tippekiosken, medan Heidi og Olav har tatt sportsbutikken i ein litt ny retning.

– Vi driv begge med jakt og friluftsliv og ville derfor auka satsninga på varegruppene som er innan vårt interessefelt, fortel Hilde.

Med bakgrunn frå Felleskjøpet har Jensen god erfaring og fleire gode kontaktar innan utstyrsleveransar til hund og hest, og etter at ho var ferdig med oppseiingstida si i ein byggevarekjede har butikken gradvis blitt retta meir over på jakt og dyrehald.

Tok 2. etasje i bruk

– I starten av mai fekk vi klar "Rypehiet", som enkelte trur er ein restaurant, ler Hilde.

Rypehiet er 2. etasje i butikken, der det tidlegare berre har vore lager og kontor.

– Vi har brukt nesten heile etasjen til jakt og friluftsliv. Frå sekkar og soveposar til klede, knivar og utstyr.

Vellukka satsing på hest

Ikkje alle som satsar på hest kjem heldig frå det, men Hilde si satsing har ikkje vore på travbanen.

– Med jakt følger ofte godt hundehald, så vi tok inn utstyr og fôr. Men så har vi jo sett at det er mange hestar og mykje hestesport i Os, så for tre veker sidan byrja vi å selja rideutstyr.

Tilbodet blei mottatt med jubel.

– Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar, både på at vi har tatt inn denne form for utstyret og på merke og prisnivå. Heldigvis har vi også hat godt sal, eg må bestilla nye varer nesten kvar dag, og held dette fram kan utvalet koma til å auka.

– Kundane har dessutan vore flinke til å koma med tilbakemeldingar på kva vi bør ta inn, sånn at dei er med på å forma utvalet, seier Hilde Jensen på første dag av årets marknadsdagar på Os.

Under marknadsdagane arrangerer dei, med samarbeidspartnarar, ponniriding på Kyrkjeflaten, konkurranse i hesteskokasting om ettermiddagane med finale laurdag, og konkurranse i presisjonskjøring med gravemaskin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.