Kultur | 30. mai 2015

Hilde Sol tok finpuss på Fonos

Fonos og MixMaster Cru, som har måtta setja opp ekstrashow, har denne veka blitt instruert av Ylvis-koreograf Hilde Sol Erdal.

Hilde Sol tok finpuss på Fonos
F.v.: Marianne Østrem, Hilde Sol Erdal og dirigent Stine Kobbeltvedt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. mai 2015 11:40

Bildeserie:

– Det blir samansett og gøy, seier Sol Erdal. Her er delar av MixMaster Cru. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Det blir samansett og gøy, seier Sol Erdal. Her er delar av MixMaster Cru. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Dei held ikkje berre eit høgt musikals nivå, dei har eit fantastisk humør, meiner ho om Fonos. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Dei held ikkje berre eit høgt musikals nivå, dei har eit fantastisk humør, meiner ho om Fonos. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Fonos er heldige med dirigenten sin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Fonos er heldige med dirigenten sin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bandet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bandet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 4
– Det blir samansett og gøy, seier Sol Erdal. Her er delar av MixMaster Cru. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Dei held ikkje berre eit høgt musikals nivå, dei har eit fantastisk humør, meiner ho om Fonos. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Fonos er heldige med dirigenten sin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bandet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Vi tenkte oss om fleire veker før vi våga å ta avgjerda om ekstrashow, seier formann i Fonos, Elisabeth Nedrelid.

Fonos har sunge for full sal i Oseana fleire gongar før. Årets spesielle vri, med showkonsert saman med dansegruppa MixMaster Cru, har også selt svært godt.

Frå april har showet laurdag 13. juni så og seia vore utselt. I starten av mai blei det sett opp ekstrashow søndagen etter, og dette har allereie selt rundt 100 billettar.

– Det er ein sjanse å ta, produksjonen er stor, også i kroner og øre.

– Showet i Bergen blei dessutan avlyst, då Logen viste seg å ikkje vera eigna. I tillegg var det fleire som kom til oss og sa dei ikkje hadde sjanse laurdagen, men ville koma om vi sette opp ekstrashow søndag, fortel Elisabeth.

– Overraskande flinke

Før sommarkonserten i fjor hyra Fonos inn Kvinner på randen-stjerna Elisabeth Moberg for tips og råd til god kommunikasjon frå scenen. Denne veka var Hilde Sol Erdal i Oseana for å ta finpuss på osingane.

– Ho sa ja med éin gong, det er vi utruleg glad for. Det er MixMaster Cru som har koreografien, men det er veldig godt for oss i koret å få tips og råd frå ei dame som dette, seier Elisabeth.

Hilde Sol Erdal er utdanna ved Statens Balletthøgskole. Ho har i mange år jobba som frilans ved fleire teater i Oslo og Bergen, og blant anna hatt koreografi for Kvinner på randen og Ylvis.

– Eg har tatt oppdrag for kor før, men blei overraska over kva dei er gode for på Os. Fonos imponerer meg. Dei held høgt musikalsk nivå og dei framstår som disiplinerte, trygge og i veldig godt humør.

– Det var lett å leia dei og eg håper Fonos skjønner at dei er heldige med ho dirigenten sin, Stine Kobbeltvedt er jo heilt fantastisk, seier Hilde Sol Erdal.

God mix

Sol Erdal seier at ho også ser at MixMaster Cru har gjort ein profesjonell jobb med koreografien.

– Alt heng godt i hop og dei har vore utruleg dedikerte og opptatt av detaljar, det er tydeleg at dette er gutar som jobbar hardt.

Frank Johnsen frå MixMaster Cru seier han synest det var godt å ha ein erfaren koreograf med på øving.

– Sjølv om det var koret ho hadde hovudfokus på var det fint å ha nokon å spørja om råd, ho er flink å sjå oss frå publikum si side, fortel han.

Rørande og morosam

– For min del var denne kvelden i Oseana ikkje nok til å finpussa på detaljar, eg tok dei lange linjene. Det handlar om å jobba med uttrykket.

– Dette showet er samansett, og då skal kormedlemmane framheva kvarandre, ikkje minst når vi kjem til dei fasene der det er rørande og når det er morosamt.

– Det blei eit veldig gøy show og hadde det ikkje vore for at eg er vekkreist den helga så ville eg kome og sett showet, seier Hilde Sol Erdal.

Her kan du sjå video av julekonserten til Fonos i 2014.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.