Samferdsle | 29. mai 2021

Hindra av skodde i morgontimane

Halhjem-Sandvikvåg kom i gang igjen frå 06.45-avgangen.

Hindra av skodde i morgontimane
Halhjem i 08.30-tida i dag. Ferjene byrja å gå igjen frå 06.45. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 29. mai 2021 07:56

I 05-tida i natt varsla Vegtrafikksentralen om stopp på sambandet Halhjem-Sandvikvåg på E39.

Årsaka var tett skodde på Bjørnafjorden.

Delar av fjorden er framleis prega av skodde, men ferjene kom i drift igjen etter 06.30, med første avgang 06.45.

Stopp hos Torghatten Nord fekk konsekvensar for Fjord1 på Halhjem-Våge.

– Våre fartøy kan ikkje gå til kai grunna manglande kaiplass på Halhjem, varsla Fjord 1 i morgontimane.

På Halhjem låg Torhatten på vêret.

Avgang 05:30 frå Våge og 06:15 frå Halhjem blei kansellert, men også dette sambandet går no som normalt.

I Os sentrum hadde skodda for lengst letta, og det ligg an til å bli ei solrik og varm helg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I Os sentrum hadde skodda for lengst letta, og det ligg an til å bli ei solrik og varm helg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.