Lokal | 12. des. 2014

Hissig i Hagavik

Éin mann gjekk og kjefta på naboar, ein annan stakk av frå politiet mens ein tredje gjekk til angrep på ein postmann.

Hissig i Hagavik
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. des. 2014 08:15

Fredag morgon i 7-tida fekk politiet melding om vald mot eit postbod.

– Postbodet hadde registrert at det gjekk ein mann midt i vegen, men det skal ikkje ha vore noko form for dialog mellom dei to før han gjekk til angrep, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mannen skal ha gått rett bort til postbodet og slått vedkomande i ansiktet.

– Episoden skjedde i Hagavik. Det er førebels uvisst kvem mistenkte er, men vi følgjer opp saka.

Mann utan førarkort stakk av frå politiet

I 5-tida i natt møtte patruljen ein bilførar i 20-åra som tidlegare har mista lappen og no er utan førarkort.

Patruljen snudde og følgte etter vedkomande, som kom seg unna, parkerte og stakk frå bilen før patruljen tok han igjen.

– Bilen blei funnen i Industrivegen og førar var vekke. Men vi kjenner identiteten på han og han blir meldt for forholdet.

Sint og full

Torsdag i 21-tida fekk politiet melding om ein hissig mann i Hagavik.

– Ein mann i 40-åra skal ha gått frå dør til dør i nabolaget for å skjella folk ut.

– Då vi kom til staden var han roleg. Mannen var full og klarte ikkje å forklara kvifor han hadde oppført seg som han gjorde. Han skal heller ikkje ha hatt noko imot naboane.

Vedkomande lovde politiet å halda seg heime og det blei ikkje oppretta noko sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.