Lokal | 16. mars 2014

Hissig pasient med skadd ankel

Politiet tok natt til søndag hand om full kvinne i sentrum og aggressiv mann på legevakta. I tillegg fekk dei melding om slåstkamp i Hagavik.

Hissig pasient med skadd ankel
Politiet på patrulje i Os sentrum i helga. Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 16. mars 2014 13:17

I 5.30-tida natt til søndag blei politiet kontakta av legevakta i Os.

– Dei trengte hjelp med ein rusa og aggressiv pasient, fortel Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Mannen oppførte seg ikkje fint nok til å reisa med ambulanse, så han blei frakta til Haukeland av politiet.

– 6-7 gutar som slåst

Litt før klokka 2 i natt fekk politiet melding frå ein forbipasserande om slåsting mellom 6-7 gutar ved Hagavik Hjemmebakeri.

– Då patruljen kom fram sto det tre gutar i slutten av tenåra på staden. Dei påsto at det ikkje hadde vore noko slåsting der, berre ein diskusjon.

19-åring fekk tilsnakk

Ein gut som fyller 19 år i år blei stoppa av politiet etter ein fartsfylt tur gjennom Os sentrum.

Patruljen meinte at han hadde kjørt både fort og lite varsamt, men han slapp unna med tilsnakk.

Livleg 60-årsfest

Natt til søndag fekk politiet klage på høg musikk frå ein fest på Lekven.

– Det viste seg å vera ein 60-årsfest, og patruljen vurderte meldinga som å vera litt overdriven, seier Kolltveit.

Søv på fortau

Patruljen kom i natt forbi ei full kvinne som låg på eit fortau i Os sentrum.

Ho blei tatt hand om av ei venninne.

Naudbluss var lanterne

Natt til laurdag hadde politiet i Os få oppdrag, bortsett frå nokre meldingar om tre over veg og takstein som blafra av hus.

I tillegg til trøbbel i vinden i Øyane og på Berge, var det tak som blei øydelagt i Holt og tre som låg ver vegen i Langedalen.

Politiet fekk fredag kveld melding om naudbluss i Bjørnafjorden, men hovudredningssentralen sjekka opp og det skal ha vist seg å vera slep av ein båt og lanternebruk som skal ha sett ut som bluss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.