Lokal | 25. okt. 2009

Hissige polakkar

To polakkar blei nekta inngang på Bar2Be i natt. Det likte dei dårleg.

Hissige polakkar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. okt. 2009 07:28

Laurdag kveld blei to menn nekta å koma inn på utestaden Bar2Be. Dei blei hissige og kasta av seg på overkroppen. Det var tydeleg at dei ville slåss, men fann visst ut at dei ville ha fleire med seg.

- Dei to hadde gått frå staden og sagt at dei skulle henta fleire folk. Politiet blei tilkalla klokka 23.27. Polakkane dukka ikkje opp igjen, verken åleine eller med forsterkingar, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt Jan Steimler til Midtsiden.no.

Seinare på natta, klokka 02.41, fekk politiet melding om mogleg masseslagsmål utanfor Rema 1000. Politiet rykte ut og fann to personar. Det er mogleg at dei to personane var usamde med kvarandre, men det var ingen slåssing på staden, og langt frå noko masseslagsmål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.