Lokal | 27. okt. 2017

Historisk vedtak på historisk grunn

Nils-Anders Nøttseter (MDG) og Gustav Bahus (Frp) var med då Hordaland og Sogn og Fjordane blei samla som Vestlandet.

Historisk vedtak på historisk grunn
Nils-Anders Nøttseter (MDG) og Gustav Bahus (Frp) ved kartet over det nye vestlandsfylket (privat foto)
Andris Hamrefredag 27. okt. 2017 11:41

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland er i dag samla i felles møte i Gulen for å starta arbeidet med å slå dei to fylka saman.

På Dalsøyra barne- og ungdomsskule er dei 88 folkevalde frå dei to fylka samla. Blant dei er to representantar frå Os, Nils-Anders Nøttseter (MDG) og Gustav Bahus (Frp).

Dei to er ikkje større politiske kamphanar enn at dei samkøyrde frå Os til Gulen i Nøttseter sin elbil for å vera med på det historiske møtet.

Fylkesutvala blir fellesnemnd

Bahus fortel på ei melding til Midtsiden at oppnemning av fellesnemnda er drøfta og at fylkesutvala blir fellesnemnda.

Denne skal mellom anna sjå på kor mange representantar som skal inn i det nye fylkestinget etter 2020.

Eit av dei andre team på møtet er kva det nye vestlandsfylket skal heite. Namnet, og nytt fylkesvåpen er førebels ikkje avklart.

- Dette er ein historisk dag. Dei to fylka har ei lang historie som byggjer på felles identitet. Dette skal vi ta med oss i vidare i arbeidet, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Hordaland) og fylkesordførar Jenny Følling (Sogn og Fjordane) i ei pressemelding.

Oppdatert, kl 14.50: Det nye fylket blir heitande Vestlandet og får 65 medlemmar i fylkestinget.

– No byrjar for alvor arbeidet med å vidareutvikle samfunsstenestene, seier dei to fylkesordførarane.

Etter at vedtaka er fatta reiser dei to fylkestinga til Eivindvik og møtest til ei felles markering på historisk stad på Gulatinget kor det blir kulturinnslag og ei symbolsk markering av at Stortinget i juni vedtok å slå saman dei to fylka.

Intensjonsavtalen blei signert på Os

Forhandlingane mellom Sogn og Fjordane og Hordaland kom til etter at intensjonsplanen med Rogaland vart stemt ned i fylkestinget i Rogaland i desember 2016.

Dei to midtre vestlandsfylka møttest til nye forhandlingar i januar 2017. 17. januar underteikna fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane og Pål Kårbø i Hordaland intensjonsplanen for samanslåing på Bjørnefjorden Gjestetun i Os.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane sa ja til intensjonsplanen 2. februar, og dagen etter gjorde også fylkestinget i Hordaland positivt vedtak. Dei to fylkestinga søkte så Stortinget om å bli slegne saman til ein ny folkevald region.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.