Lokal | 17. des. 2017

Hjartevarme i vinterkulda

Ballongar, song, dikt og 20.000 kroner til Bring Children from Street.

Hjartevarme i vinterkulda
Ordføraren slapp dei miljøvenlege ballongane over øyro (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 17. des. 2017 14:44

Bildeserie:

Aniston song White Christmas (foto: AH)
Aniston song White Christmas (foto: AH)
Bring Children from Street sto med stand (foto: AH)
Bring Children from Street sto med stand (foto: AH)
Bente Brattlund las om Håp (foto: AH)
Bente Brattlund las om Håp (foto: AH)
Ordførar Marie Bruarøy hadde med ei gåve på 20 000 kroner frå kommunen (foto: AH)
Ordførar Marie Bruarøy hadde med ei gåve på 20 000 kroner frå kommunen (foto: AH)
Litt plunder med å få dei siste ballongane ut av posen (foto: AH)
Litt plunder med å få dei siste ballongane ut av posen (foto: AH)
1 av 5
Aniston song White Christmas (foto: AH)
Bring Children from Street sto med stand (foto: AH)
Bente Brattlund las om Håp (foto: AH)
Ordførar Marie Bruarøy hadde med ei gåve på 20 000 kroner frå kommunen (foto: AH)
Litt plunder med å få dei siste ballongane ut av posen (foto: AH)

Det var ein isande vind over Osøyro søndag førmiddag, men det la inga demper på sentrumsforeninga sin aksjon «Hjertevarme og giverglede»

– Velkommen. Vi er så heldige at vi har fått med oss Aniston, som blant anna har songe i Oseana på Norske Talenter, helsa initiativtakar Tove Tvedt Skarstein før ho slapp den talentfulle ungguten til med «White Christmas».

– I dag har vi testa noko nytt på Osøyro. I det vi har hatt popup-diktlesing rundt i butikkane. Og her har de ho, Bente Brattlund, introduserte Tvedt Skarstein før Brattlund las sit eige dikt «Håp».

Gav 20.000 kroner

Ordførar Marie Bruarøy var invitert til å sleppa raude hjarteballonger i samband med arrangementet. Med seg hadde ho også ei gåve frå formannskapet til stiftinga Bring Children from Street.

– Tusen takk til alle som bidreg og som har teke initiativet til dette. Nettopp giverglede og hjartevarme er noko som er viktig i desse dager. Det er ei påminning om at det ikkje er alle som har det like bra som det vi har det her i bygda.

– Gjennom ei epostrunde i formannskapet har eg fått godkjenning til å gje ein liten donasjon til det flotte arbeidet Bring Children from Street gjer. Frå Os kommune vil det koma ei overføring på 20.000 kroner, helsa Bruarøy før ho slapp ballongane laus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.