Næringsliv | 08. feb. 2010

Hjelle veks i Fusa

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. feb. 2010 12:06

Hausten 2008, etter 24 år med butikk på Os, la Malermester Alf Hjelle & Sønn AS ned butikken i Landboden. Å satsa for fullt i Fusa har ikkje vore noko bakdel.

- Butikken i Eikelandsosen held til i eit senter i vekst, samla auka butikkane i Fjord´n Senter omsetnaden med 12 prosent i fjor, butikken vår auka med 30 prosent frå året før, fortel Anders Hjelle.

Like mykje malaroppdrag
Hjelle har åtte handverkarar i sving, dei fleste av dei frå Os. At butikken i heimkommunen blei lagt ned har ifølgje Hjelle ikkje hatt noko å seia på oppdragsmengda.

- Vi har heldt oppe aktiviteten i Os samstundes som vi har bra med jobbar i Fusa. Bergen er uansett viktigaste marknaden vår når det gjeld handverktenestene.


Ekspert i ny kjede
Hjelle, som frå før var med i kjeden Mesterfarge, er no del av den nye kjeden Kulør.

- Mesterfarge og Farveglede er slått saman. Med rundt 45 butikkar i Mesterfarge og 35 frå Farveglede er den nye kjeden no nesten på høgde med dei største kjedane i Noreg.

- I tillegg er over 200 male- og handverksbedrifter medlem, noko som er med på å auka volumet på innkjøpa, noko som igjen påverkar prisane våre.

På nett skal Kulør også tilby gratis ekspert-tips til kundane, der Anders Hjelle er ein av fire ekspertar.

- Vi fire har kvar våre ansvarsområde, eg skal svara på spørsmål om maling utandørs. Førebels er det lite som skjer ute, men våren og sommaren blir nok travel, trur Anders.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.