Lokal | 12. juni 2014

Hjelper andre å hjelpa

Silje og Glenn har starta sin eigen hjelpeorganisasjon for osingar og fusingar som har hamna i ein vanskeleg situasjon.

Hjelper andre å hjelpa
Glenn Bore og Silje Siglevik frå Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa. (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandtorsdag 12. juni 2014 19:27

For nokre månadar sidan budde kjæresteparet Glenn Bore og Silje Siglevik i Sandnes, der dei var ein aktiv del av Hjelp å hjelpe Rogaland, ein organisasjon som gir ulike formar hjelp til folk med behov.

Då Glenn og Silje flytta til Fusa for å bu nærmare Silje sin familie starta dei straks å leita etter ein tilsvarande organisasjon dei kunne engasjera seg i.

- Det var så utruleg gjevande å bli med å hjelpa, men vi fann ikkje noko liknande tilbod her, fortel Glenn.

Tok saka i eigne hender

Dei to engasjerte sjelene gav ikkje opp, og for kort tid sidan oppretta dei sida Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa på facebook (initiativtakarane blei obs på skrivefeilen i etterkant, og får ikkje endra til «Hjelp til å hjelpe»).

Tenesta er eit lågterskeltilbod der personar som går gjennom ei vanskeleg tid kan ta kontakt for å få hjelp.

- I utgangspunktet gjeld tilbodet for Os og Fusa, men vi prøver også å hjelpa til i kommunane rundt.

På kort tid har sida fått fleire hundre følgjarar og det manglar ikkje på engasjerte hjelparar.

- Folk har vore utruleg hjelpsame og engasjerte, ei dame gav oss blant anna ein stappfull bil med varer.

Annleis enn Sandnes

Personar som treng hjelp har òg byrja å ta kontakt, men her fekk dei to eit litt uventa problem.

- Folk er meir redde for å bli eksponerte her og ventar til aller det aller siste før dei spør om hjelp.

- I Sandnes var det annleis, der brydde dei seg ikkje om det og nølte ikkje om å spørja om hjelp.

- Men det kan jo ha med at det er eit nytt tilbod, og Os og Fusa er mindre stadar og folk kjenner kvarandre betre. Kanskje dei derfor er meir redde for at naboen skal finna ut at dei har det vanskeleg, seier Glenn, som presiserer at alle som spør om hjelp er heilt anonyme.

Har vore der sjølv

Å hamna i ein vanskelig situasjon kan skje dei fleste, og har ein eit stramt budsjett frå før, så treng det ikkje gå lang tid før ein ikkje får endane til å møtast.

- Eg har sjølv vore der og veit kor vanskeleg det er, og difor respekterer eg veldig at når du spør om hjelp så skal du få det, fortel Glenn.

- NAV kan jo gje ut nødhjelp til ei eventuell sak er behandla, men for ei aleinemor, for eksempel, så er det ikkje lett å overleva i fleire veker på 90 kroner dagen + 25 kroner per barn.

Hjelp til og Hjelpe kan bidra med matvarer og anna utstyr, transport og høgtider, og alle som treng det kan spørja om ei hjelpande hand.

- Dei som oftast kontaktar oss er eldre, minstepensjonistar, studentar og aleineforeldre som tar kontakt. Vi ser at behovet er der.

- Vi har blant anna hjelpt til med bursdagselskap og gjeve matvarer til nokon som ikkje hadde råd til mat i pinsen.

Fått hjelpar i Os

Sidan Glenn og Silje begge bur på Fusa så har dei lyst ut etter hjelparar på andre sida av fjorden.

- Vi har eit lite lager hos oss der vi oppbevarer nødvarer som barnemat, NAN, bleier, klede og tørrvarer.

- No har vi heldigvis fått med ein hjelpar i Os som kan oppbevara ting midlertidig, så vi ikkje treng å reise over fjorden så ofte.

Det er til stor hjelp for Glenn og Silje som då kan takka ja til saker dei kanskje ellers måtte seia nei til på grunn av manglande kapasitet.

- Vi har òg fått lov å legga ut flyers på NAV sine kontor, det er viktig å få ut informasjon til så mange som mogleg.

- Kjempebra initiativ

- Vi er opptatt av å gjera alt riktig og har registrert oss i Brønnøysunregisteret, kontonummeret er registrert i organisasjonen og vi vil levera rekneskap som viser kva pengane vi får inn er brukt til.

Medan Midtsiden prata med Glenn og Silje kjem ei dame med varer til dei.

- Dette er eit kjempebra initiativ og eg håper at fleire får veta om dei, seier ho.

- Eg får så vondt av dei som har det vanskeleg og skulle så gjerne ha vore med og hjelpt meir.

- Folk skal gje fordi dei kan og vil, ikkje fordi dei føler noko press. Og vi forstår at mange har det travelt med sitt, fortel Glenn.

- Men om alle hjelper litt så blir det mykje til saman.

Stort klasseskilje

Målet til dei to er å hjelpa dei som treng det, og dei prioriterer saker som handlar om barn.

- Eg ser det som ei ære at dei spør oss om hjelp, og det er utruleg gjevande å sjå kor letta folk blir når hjelpa kjem.

- Det er viktig å få fram at vi dømmer ingen, alle kan ha det vanskeleg, og det er utruleg tøft gjort å be om hjelp.

- Klasseskiljet er stort i verdas rikaste land, det ser vi kvar einaste dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.