Lokal | 28. nov. 2015

Hjernetrim-tilbod til Os

Brainobrain utviklar dei logiske og kreative evnene hos born fra fem til 14 år. Over nyttår kjem tilbodet til Os.

Hjernetrim-tilbod til Os
Vijaia saman med Neha, Thomas og Tirill (foto: CV)
Cathrin Valestrandlaurdag 28. nov. 2015 09:37

Brainobrain er eit konsept som blei starta i India for tolv år sidan.

– Dei fleste er enten venstre- eller høgredominerte, medan vi i Brainobrain legg fokus på å bruke og utvikle dei logiske og dei kreative sidene i hjernen i like stor grad, seier indiske Vijaya Krishnamoorthy, leiar i Brainobrain i Noreg.

– Hjernen har superpotensial, og det er i alderen fire til 14 år at den har størst vekst, legg ho til.

Tørkar støv av kuleramma

Borna blir utstyrt med kuleramme som dei nyttar som læringsverktøy.

– Vi brukar kuleramme, og let borna leika med tal og rekning på den måten. Slik utviklar dei den logiske hjernehalvdelen. Viktigast er at når dei leikar brukar dei ulike sansar, og måtar å lære på: den visuelle, den lyttande og ved fysisk berøring. Vi seier at tommelen er kraftfull!, fortel Vijaya.

Borna lærer seg å visualisera tal som bilete, på den måten trenar ein også både minne og konsentrasjon. I tillegg vert rytmiske ord brukt, og dei må tenkja for kvart steg, noko som gjer at læringsevna forbetrast.

Mental trening

Alle er opptekne av trening og fysiskt aktivitet i våre dagar. Brainobrain sin filosofi er at det er vel så viktig med hjernegymnastikk.

– Kurset varer i to timar, ein gong i veka. I tillegg må borna bruka 15 minuttar kvar dag heime. Foreldra vert også lært opp, slik at dei kan øva med borna heime.

– Denne treninga betrar konsentrasjonen, husken og gjev betre fokus. Ikkje berre når det gjeld matematikk, men på alle område. Gjennom dette kurset motiverar og betrar vi både sjølvbiletet og sjølvtilliten, så utslaga kjem på alle område både i skulekvardagen og sosialt.

Bi-effektar

Ei bi-effekt av kurset er at ein betrar hastigheit både når det gjeld lesing og skriving. I tillegg vert borna rå på multitasking.

– Borna brukar heile seg i dette programmet. Vi ser at dei vert flinkare på skulen, får auka sjølvtillit, og dermed også gjerne klarar seg betre sosialt.

Undervisninga føregår også på engelsk, så ei anna bi-effekt er at borna lærer seg betre engelsk og vert meir trygge på snakka engelsk.

Imponerte

Vijaya har med seg to mødre frå Os, som per i dag køyrer borna sine til Fana kvar veke for å vere med på brainobrain. Cecilie Nagel og Dagny Cecile Paget er fulle av lovord om konseptet og kjempeimponert over resultata deira born har oppnådd.

– Det betyr mykje for oss å få dette konseptet til Os. Vi er svært fornøgde med kurset, og brukar gladeleg nokre timar i Fana kvar veke, men det vert kjekt å ha konseptet i heimkommunen vår. Vi håpar mange fleire osingar vil få augene opp for dette og gje denne gåva til sine born, seier dei.

– Tilbakemeldingane frå alle foreldra vi har møtt er veldig gode, og vi ser at det fungerar på våre eigne born.

Integrert i skulen

Brainobrain strekkjer seg over totalt ti nivå. Ved nokre skular i Sverige er kurset inkludert i skuleprogramma, og dei tre vonar det kan bli aktuelt i Noreg også.

– Gjerne at det kan bli ein del av SFO til å byrja med. Dersom kommunane støttar oss kan dette utvikla seg til noko større. Dersom Os kommune ønskjer det kan vi gjerne innlemma brainobrain i skulen eller SFO her. Då vil vi syta for opplæring av lærarane før kvart nivå dei skal til med, og ta alt ansvar, seier Vijaya.

Informasjonsmøte

Over nyttår vert det skipa til eit informasjonsmøteder der born frå barinobrain får demonstrera kav dei meistrar, og der foreldre kan få informasjon om konseptet.

– Vi har laga ei eiga facebook-gruppe for brainobrain Os, og på den sida vert det lagt link til påmelding til informasjonsmøtet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.